I løpet av dei ti leveåra sine har KAI produsert forsking som i stor grad har påverka praksisfeltet. Hybridmodellen er eit eksempel på dette.
– Hybridmodellen handlar om at Nav-rettleiaren vel ut to til tre av brukarane sine, og prioriterer tett oppfølging av dei i samarbeid med ein mentor på arbeidsplassen, seier seniorforskar Øystein Spjelkavik som har leidd denne forskinga.
Modellen er utvikla gjennom forskingsprosjektet Inkluderingskompetanse som samskaping – eit samarbeid mellom ansatte ved Nav-kontor, Nav Fylke og Arbeids- og velferdsdirektoratet, Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) og Kompetansesenter for Arbeidsinkludering (KAI).
Godt mottatt i praksisfeltet
Denne måten å jobbe på synest no å ha fått fotfeste på Nav-kontora.
– Dette er noko som gir meining, skaper engasjement og berikar jobben til rettleiarane, seier Spjelkavik og legg til:
– Det inneber at rettleiarane skal ha meir involvert kontakt med ein mentor ute på arbeidsplassen, og ikkje berre sitte på kontoret.
Nav innfører no hybridmodellen med mål om at alle rettleiar skal jobbe på denne måten. Meir enn ein tredel av Nav-kontora er allereie i gang.
– Forskninga frå 2024 traff oss fordi funna spegla både erfaringane våre og dei behova Nav-kontora møter i det daglege. Difor valde vi å ta i bruk hybridmodellen og omsette kunnskapen i praksis. Modellen byggjer vidare på inkluderingskompetansen vi har jobba systematisk med å utvikle over fleire år, og gir oss nye verktøy som styrker kvaliteten i samarbeidet mellom rettleiar, mentor og kandidat på arbeidsplassen, seier prosjektleiar for innføring av hybridmodellen i Nav, Gry Magnhild Strømsnes.
I dei fleste bedrifter får nytilsette ein mentor når dei startar i jobben, ein som tar seg litt ekstra av dei, ser dei, viser dei rundt og tar dei med til lunsj. Men det verkar som at ein i arbeidsinkludering har gløymt dette litt.– Seniorforsker Øystein Spjelkavik
Så enkelt – og så vanskeleg
Hybridmodellen starta ikkje som ein modell, men som ein praksis.
– Rettleiarane ønsket å forbetre måten dei jobbar på, sin eigen inkluderingskompetanse, seier Spjelkavik.
Inspirert av innspel frå forskarane om supported employment eller arbeid med støtte, utvikla rettleiarane ein praksis som forskarane etterkvart identifiserte som hybridmodellen, der rettleiarane i nokre av sakene skal vere litt jobbspesialistar og litt «vanlege» rettleiarar. Der ligg hybriditeten.
– Det vi kom fram til låg rett framfor oss. Det verka veldig intuitivt.
Nav-rettleiarar kjenner seg godt igjen i den beskrivne arbeidsmetodikken og meiner eigentleg at det liknar mykje på slik dei allereie arbeider, men at det kan vere meir spissa og omfattande.
– Det er så lett – og samtidig så vanskeleg, seier Spjelkavik.
Bygger på naturleg støtte
Grunnideen i modellen bygger på det som i litteraturen blir kalla naturleg støtte.
– I dei fleste bedrifter får nytilsette ein mentor når dei startar i jobben, ein som tar seg litt ekstra av dei, ser dei, viser dei rundt og tar dei med til lunsj. Men det verkar som at ein i arbeidsinkludering har gløymt dette litt, meiner Spjelkavik.
Mentor-tilskot har eksistert lenge i Nav-samanheng, men rettleiarane har ikkje bedt arbeidsgjevar om å avsette ein konkret mentor ute på arbeidsplassen – før no.
Kan forbetre det generelle arbeidsmiljøet
I ei nyleg utgitt bok om inkluderande arbeidsplassar frå AFI (link.springer.com), skriv Øystein Spjelkavik og kollega Heidi Enehaug om kva som blir gjord på arbeidsplassen når verksemda tar imot ein person med nedsett funksjonsevne for arbeidspraksis.
– I kapittelet ser vi spesielt på utviklinga til arbeidsplassane av eigen inkluderingskompetanse, som er knytt til mobiliseringa av «naturleg støtte», det vil seie styrking av den støtta som allereie finst naturleg i verksemda, seier Spjelkavik.
Forskarane har intervjua 31 tilsette i bedrifter som tilset personar med funksjonsnedsettingar. Informantane meiner at det å involvere kollegaer i å støtte personen med nedsett funksjonsevne kan påverke det generelle arbeidsmiljøet positivt.
– Dei beskriv utviklinga til personen som å ha ein «opplærande funksjon» for resten av arbeidsplassen, ettersom han lærer bort verdien av tolmod og forståing.
Gjennomførbart for Nav-rettleiarar
Det å ha den mentoren gjer at du er sosialt trygg. Det er nesten rart at nokon som helst kunne klare det utan den tilknytinga.– Elin Haugland
Eit Nav-kontor i Lister har vore med i pilotstudien og skaffa seg verdifull erfaring med den nye praksisen ut mot arbeidsplass.
– Dette er gjennomførbart i jobben min som rettleier, seier Elin Haugland, Nav-rettleiar i Lister.
Ho starta å jobbe med utvikling av hybridmodellen allereie i 2020 og meiner det fint let seg kombinere å gjere tradisjonell saksbehandling samtidig som ho gjer tett oppfølging av enkelte brukarar med mentor på arbeidsplassen.
– Det er ikkje sånn at eg sit og bruker masse tid på å tenke ut kven eg skal jobbe etter hybridmodell med no. Det gjer seg sjølv, seier ho.
Elin Haugland jobbar i ungdomsteamet og har hjelpt mange ungdommar inn i arbeidslivet. Ho opplever at det er veldig tydeleg kven som treng ein mentor for å lykkast.
Elin Haugland (til høyre) deler av sin erfaring med hybridmodellen i Nav på INKO-konferansen, november 2025. Foto: Tove R. Nilsen / OsloMet
Meir presis måling i framtidig forsking
Den internasjonale forskinga seier klart at meir støtte på golvet gir ei meir varig tilknyting til arbeidslivet. Men i norsk kontekst er det ikkje gjort noko forsking på om denne hybride måten å jobbe på har effekt. Brukarstudiar er heller ikkje gjorde, men Spjelkavik fortel at det er moglege prosjekt på gang som kan gi endå betre svar på kva som verkar best.
– Vi ønsker å sjå på kvalitetsindikatorar i eit mogleg framtidig forskingsprosjekt, seier han.
Referanser
Enehaug, H., Spjelkavik, Ø. (2026). Mentorship. I: Breit, E., Aksnes, S.Y., Boselie, P., van Harten, J. (red) Shaping Inclusive Workplaces for Persons with Disabilities (link.springer.com). Palgrave Macmillan, Cham.
Spjelkavik, Ø., Enehaug, H., Helgesen, H. L. & Schafft, A. (2024): «Fra rutinebasert til reflektert praksis. Utvikling av inkluderingskompetanse i NAV og på arbeidsplass» (nva.sikt.no)