English version

Barndommar i det postdigitale: Undersøkingar av barns leik med nye medieteknologiar

Prosjektet undersøker små barns leik med nye medieteknologiar heime og i barnehage.

Prosjektet har som mål å beskrive små barns leik med nye medieteknologiar, og å utforske måtar ein kan undersøke denne leiken.

Leik er ein grunnleggande aktivitet i små barns liv og nye medieteknologiar er ofte vikla inn i små barns leik på måtar som forstyrrar antatte skilje mellom det digitale og analoge.

Gjennom kvalitative case-studiar undersøker dette prosjektet korleis små barn leikar med nye medieteknologiar heime og i barnehagen. Prosjektet bygger på det fullførde doktorgradsprosjektet til prosjektleiaren, gjennomført ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Oslo (2019–2023), og bruker eksisterande data frå dette.

Éin barnehage og tre småbarnsfamiliar blei besøkte over 19 månader, og analysane tar utgangspunkt i videoopptak, lydopptak, fotografi og feltnotat frå desse besøka.

Kenneth Pettersen sine publikasjonar (nva.sikt.no).

Slik behandlar vi personoppdata

OsloMet behandlar opplysningane om deg og barnet ditt for forskingsformål til beste for allmenta for å utforske små barns leik med nye medieteknologiar heime og i barnehage.

Så lenge du eller barnet ditt kan identifiserast i datamaterialet, har du rett til å be om innsyn i dataa vi behandlar om dykk, be om at dataa blir retta eller sletta, og til å protestere mot behandlinga. Du har også rett til å klage til Datatilsynet (22 39 69 00) om korleis vi behandlar dataa deira. Ta kontakt med prosjektleiar Kenneth Pettersen eller personvernombod ved OsloMet om det er noko de lurer på.

Personopplysningar blir arkiverte for å bli brukte i tilsvarande forskingsprosjekt der prosjektansvarleg er deltakar. Alle personopplysningar blir sletta før 1. mai 2028.

Overføring av persondata til OsloMet

I 2026 blei behandlingsansvaret for persondata innhenta i doktorgradsprosjektet overført frå Universitetet i Oslo til OsloMet fordi prosjektleiar begynte i ny stilling ved OsloMet. Det betyr at det no er OsloMet som er juridisk ansvarleg for behandling av datamaterialet. OsloMet forpliktar seg til dei same retningslinjene som Universitetet i Oslo når det gjeld datasikkerheit og personvern.

Professor Jennifer Rowsell frå University of Sheffield (sheffield.ac.uk) har sidan 2026 status som databehandlar. Det betyr at ho har tilgang til eit utval av datamaterialet i samband med ein akademisk publikasjon.