Ph.d.-prosjekt som undersøker korleis elevar utviklar idear og forstår forfattarskap når dei i førskrivinga bruker ein chatbot som berre stiller spørsmål og ikkje skriv tekst for dei.
Ph.d.-prosjekt som undersøker korleis elevar i ungdomsskulen arbeider med ein chatbot som berre stiller spørsmål og aldri skriv tekst for dei. Bakgrunnen for prosjektet er eit pedagogisk spørsmål: finst det måtar å bruke KI på i skrivearbeidet som hjelper elevane utan å ta over skrivinga deira?
For å undersøke dette følgjer eg femten 8.-klassingar gjennom heile prosessen: samtalen med chatboten, den ferdige teksten dei skriv etterpå, og deira eigne refleksjonar over arbeidet. Gjennom analysar av chatloggar, elevtekstar og elevintervju ser eg på kva som skjer i samtalen mellom elev og KI, kva innhald elevane tek med seg, omformar eller legg til når dei sjølv skriv, og korleis dei sjølv erfarer dette arbeidet.
Tre studiar
Prosjektet består av tre studiar.
«When AI Only Asks» viser korleis elevar og ein spørsmålsbasert chatbot saman utviklar tre typiske forløp i førskrivinga: forløp med framdrift der idear veks, forløp med retningsskifte der samtalen dreier, og forløp som stoppar opp.
«Is There a Text in This Chat? How pupils transform AI dialogue into school texts» undersøker forholdet mellom forarbeidet elevar gjer i dialog med ein chatbot og dei ferdige tekstane dei skriv etterpå. Studien sporar systematisk kva innhald frå chatloggen som blir teke vare på, omforma, utelate eller tilført når elevane sjølv skriv.
Ein tredje artikkel bygger på elevintervju. Korleis opplever dei sjølv å skrive med ein spørsmålsbasert chatbot?
Prosjektet analyserer KI-dialogar, elevtekster og intervju, og er relevant for skolar, lærarutdanning, forskarar og teknologimiljø. Målet er å finne ut korleis generativ KI kan støtte tidleg idéutvikling på måtar som bevarer eigarskapet, stemma og læringa til elevane.
Anne Katrine Westbye sine publikasjonar (nva.sikt.no)
Rettleiarar
Hovudrettleiar: Marte Blikstad-Balas, professor ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Universitetet i Oslo