English version

Effekten av ein digital pasientintervensjon på sjølvrapportert etterleving av legemiddelbruk

I dette ph.d.-prosjektet utviklar og validerer vi eit spørjeskjema for sjølvrapportert etterleving som vi bruker for å evaluere effekten av ein digital pasientintervensjon designa for å auke legemiddel-etterleving hos ei spesifikk pasientgruppe.

Rundt 30 til 50 prosent av alle pasientar bruker ikkje legemidla sine slik som tiltenkt av behandlar. Det er mange årsaker til dette. Dette har store konsekvensar for individ og samfunn.

I dette prosjektet har vi utvikla og validert eit spørjeskjema for sjølvrapportert etterleving (OMAS-37).

Spørjeskjemaet kan både kvantifisere grada av etterleving hos ulike pasientgrupper, og seie noko om kva årsaker til dårleg etterleving ulike pasientar har.

I del to av prosjektet blir laga ein mobil applikasjon for ei spesifikk pasientgruppe som har til formål å auke etterlevinga for denne pasientgruppa. OMAS-37 blir deretter brukt for å evaluere effekten av denne applikasjonen.  

  • Deltakarar

    Laster inn ...