Korleis fortolkar rektorar komplekse, tvetydige situasjonar og skapar meining når ulike omsyn kjem i konflikt med kvarandre?
Rektorar har eit stort, og stadig større, ansvar og handterer stadig meir krevjande og komplekse utfordringar. Dei skal ivareta ei rekke ulike omsyn og står stadig i krysspress, ofte mellom administrative, fagleg-pedagogiske og relasjonelle omsyn. Slike spenningar fører med seg etiske spørsmål, men også emosjonelt arbeid med å handtere eigne og andre sine følelsar. Samtidig veit vi lite om korleis rektorar oppfattar og vurderer slike utfordringar i skulekvardagen.
Målet med prosjektet er å utvikle ny kunnskap om korleis rektorar bruker profesjonelt skjønn når dei fortolker og skal ta avgjerder. Aktuell kunnskap ligg gjerne innvoven og implisitt i handlingar. Prosjektet er relevant for skuleleiarar og andre som jobbar i skulen, men også skuleeigarar, skuleleiarutdanningar og andre som er opptatt av leiarutvikling.
Studien byggjer i hovudsak på kvalitative intervju med rektorar frå heile landet. Med bakgrunn i at profesjonelt skjønn er eit flyktig, kompleks og omdiskutert omgrep, er ein del av studien å utvikle eit samansett intervjudesign som kan fange fleire aspekt av fenomenet. I tillegg blir ei leiargruppe ved ein skule observert over tid.
Norhild Joleik sine publikasjonar (nva.sikt.no)
Stipendiat
Rettleiarar