English version

Realkompetansevurdering og språk hand i hand, eit casestudie blant vaksne som søkjer helsearbeidarfag

Korleis kan vi på best mogleg måte få fram både språklege ressursar og medbrakt kompetanse hos vaksne som søkjer seg til helsearbeidarfag?

Dette forskingsprosjektet undersøker praksis i vidaregåande opplæring for vaksne (VOV) i Akershus. Utfordringane er knytte til at deltakarane skal lære både fag og språk parallelt, i ein tidsavgrensa periode. Samstundes har deltakarane i VOV større mangfald i dag enn tidlegare, særleg når det gjeld språk.

Undersøkinga legg særleg vekt på perioden for realkompetansevurdering (RKV) – der deltakarane kan ha avgrensa ferdigheiter i det norske språket.

Realkompetansevurdering er svært aktuelt i samband med Fullføringsreforma, som har som mål å sikre at fleire ungdommar og vaksne fullfører vidaregåande opplæring.

Prosjektets arbeidsproblemstilling er kva som kjenneteiknar dei gode døma (best practice) i bruken av språklege ressursar og ressursar knytte til medbrakt kompetanse i VOV i Akershus fylke?

Forskingsspørsmål:

Prosjektdeltakarar

Laster inn ...