Vi skal utvikle kunnskap som yrkesfaglærarar kan bruke når dei skal hjelpe elevane med overgangen frå skulebasert læring til læreplass.
Fråfall i vidaregåande opplæring blir rekna som ei av dei største utfordringane i norsk skole. Dette har i mange år fått mykje merksemd, både blant politikarar og i media. Fråfallet er størst innanfor yrkesfaglege utdanningsprogram, og det er særleg overgangen frå den skulebaserte delen av opplæringa til læretida som er ei utfordring for mange elevar.
Kvart år står rundt 7000 til 9000 søkarar utan læreplass i bedrift. Fleirtalet av dei har lovfesta rett til vidaregåande opplæring.
Prosjektet har som mål å utvikle kunnskap om overgangen frå skolen til læretida og om rolla som vidaregåande skolar, yrkesfaglærarar, bedrifter og opplæringskontor har i denne overgangen.
Målet er å utvikle tiltak og strategiar som kan gjere yrkesfaglærarar betre i stand til å legge til rette for overgangen til elevane til læretida, og å utarbeide ei lærebok om overgangen frå skolen til læretida som kan brukast i yrkesfaglærarutdanninga.
Samarbeidspartnarar
Prosjektet blir gjennomført av ei tverrfagleg samansett forskingsgruppe i samarbeid med Utdanningsetaten i Oslo og Akershus fylkeskommune. Prosjektet inkluderer ein ph.d.-stipendiat og ei postdoktorstilling.
Forskingsspørsmål og metodar
Prosjektet er organisert i fire arbeidspakker som set søkelys på ulike aspekt ved overgangen frå skolen til læretida og på ulike aktørar som er involverte når læreplassar blir formidla. Viktige spørsmål er kva rolle skolen har i førebuinga til elevane på arbeidslivet, og kva strategiar lærarane bruker for å gi lettare tilgang til læreplassar.
Prosjektet skal også undersøke korleis bedrifter og opplæringskontor rekrutterer lærlingar, og korleis eventuell nedprioritering eller diskriminering av enkelte grupper av elevar kan forklarast.
I School4Work tar vi i bruk ulike metodiske tilnærmingar, som
- ein scoping review
- fokusgruppeintervju og individuelle intervju
- ein vignett-studie
- ein kvantitativ survey
- analyse av registerdata.
I siste del av prosjektet er det planlagt å arrangere workshops og diskutere funna våre med samarbeidspartnarane våre og andre aktørar i feltet. Vidare skal vi skrive ei lærebok med kapittel frå alle delprosjekt.
Deltakarar
Deltakande institusjonar
- OsloMet – storbyuniversitetet
- Utdanningsetaten i Oslo kommune
- Akershus fylkeskommune
- Fafo
- Federal Institute for Vocational Education and Training (BIBB) i Bonn, Tyskland