English version

OsloMet får master i kunstterapi

Fleire personar sit i ring på golvet og bøyer seg over nokon farga ark og blad i haustfargar som ligg i midten av ringen.

– Institutt for estetiske fag er veldig glade for endeleg å kunne tilby master i kunstterapi, fortel instituttleiar Liv Dahlin ved Institutt for estetiske fag ved OsloMet.

Studiet blir tilbode som ei studieretning på det eksisterande masterstudiet i estetiske fag.

– Vi ønskjer at fleire skal få sjansen til å fordjupe seg i dette viktige fagområdet. For tida finst det ikkje masterprogram i kunstterapi i nokon av dei andre nordiske landa. Dette har medført at studentar har reist til andre europeiske land for å få ein mastergrad i kunstterapi, fortel ho.

– Vi er svært stolte av at studiet har i seg eit høve til å svare på framtidige behov innan psykisk helse, understrekar Dahlin.

Frå før omfattar masterstudiet i estetiske fag fire studieretningar med ulike opptakskrav: kunst i samfunnet, mote og samfunn, teater i samfunnet, kunst- og designdidaktikk.

Kunstterapi er ein tverrfagleg profesjon som har som mål å førebyggje eller rehabilitere ulike psykososiale og helsemessige plager ved å bruke kunst i den terapeutiske relasjonen. – Professor Mimmu Rankanen
Portrett av Mimmu Rankanen.

Eit viktig tillegg

Kunstterapi nyttar skapande arbeid med bilete som kommunikasjon og tilnærminga blir brukt til å fremje mental og fysisk helse.

– Kunstterapi er ein tverrfagleg profesjon som har som mål å førebyggje eller rehabilitere ulike psykososiale og helsemessige plager ved å bruke kunst i den terapeutiske relasjonen, forklarer professor Mimmu Rankanen ved Institutt for estetiske fag. Ho er fagleg ansvarleg for den nye studieretninga.

 – Slik er kunstterapi eit viktig tillegg til dei meir tradisjonelle sosial- og helseintervensjonane og eignar seg for menneske med ulik kulturell bakgrunn og frå ulike aldersgrupper. I ei tid med mange kriser er kunstterapi ein svært eigna metode i arbeid med traume. Den kan også brukast i skular og i spesialundervisning.

– I kunstterapi lagar ein person eller ei gruppe kunst og reflekterer over verket med utgangspunkt i eige liv. Kunstterapeuten tek seg av prosessen og gjer at deltakarane kjenner seg trygge til å utforske, forstå og endre ulike aspekt i livet sitt og slik betrar psykososial helse, trivsel eller livskvalitet.

Førebels er kunstterapi mest brukt i ulike former for psykiske helsetenester. Og det er i aukande grad vekt på medikamentfrie behandlingsformer og samfunnsbasert omsorg.

– Det er derfor viktig å utvikle, bruke og forske på effekten av komplementære behandlingsmetodar, slik som kunstterapi, understrekar Rankanen.

Kunstterapi blir også nytta innan somatisk helsevesen, og internasjonalt er det god forskingsevidens og praksis for å bruke kunstterapi mellom anna som eit tillegg til kreftbehandling.

Ein person festar nokre lappar på ei tegning som heng på ei treplate på veggen, medan to andre ser på.

Erstattar biletterapi

Kunstterapi har ein nærare 25 års lang historie ved OsloMet, gjennom vidareutdanning i biletterapi. Studiet blir no erstatta av den nye masteren.

Studieretninga i kunstterapi går på deltid over tre år og blir undervist på engelsk, men med moglegheit til å skrive oppgåver og eksamenar på eit skandinavisk språk. Studiet er forskingsbasert, og alle emna integrerer praktisk læring av kunstterapimetodar.

– Kunstterapiprogrammet er for dei som er djupt interessert i terapeutiske aspekt ved kunstprosessar og samhandling med menneske både i praksis og forsking, fortel Rankanen.

– Søkjarane bør vere nysgjerrig på å studere og kritisk reflektere over eigne og relasjonelle erfaringar og kjensler knytt til kunstterapeutisk prosess og dens effektar. Og tolerere forskjellar og akseptere ufullstendigheit, som ein del av dei terapeutiske prosessane til kunsten for utvikling og forandring.

Seks personar sit i ein halvsirkel på kvar sin stol. Alle ser ned i midten der det ligg farga ark og haustblad.

Nordens første

Rankanen ser fram til å ta imot det første kullet til hausten, saman med kollega Kristin Svendsen. 

– Eg er veldig glad for at vi endeleg kan starte det første masterprogrammet i kunstterapi og bidra til å etablere og utvikle forskingsbasert kunstterapipraksis ikkje berre i Noreg, men i Norden.

– Og eg gler meg over moglegheitene til å utvikle tverrfaglege kunstterapeutiske forskingsprosjekt ved OsloMet.

Det nye studiet har vore under planlegging lenge og reisa har tidvis vore kronglete. Men det er ikkje berre negativt, meiner Rankanen.

– Den lange prosessen har gjort det mogleg å utvikle innhaldet i emna i samarbeid med internasjonale og norske kunstterapeutiske praktikarar, pedagogar og forskarar.

– Det har også mogleggjort deltaking i svært inspirerande tverrfaglege utviklingsprosessar og diskusjonar internt på OsloMet og på tvers av Fakultet for helsevitskap og Fakultet for teknologi, kunst og design.

– Slik har vi klart å skape ein velfungerande struktur og eit svært interessant innhald for spesialiseringa i kunstterapi.

Kristin og Mimmu i eit klasserom. Kristin lener seg på eit staffeli. I bakgrunnen er det nokre måleplater og ei teikning.
Portrett av Lotte.
Lotte fikk KOROs masterstipend

Lotte Smedberg Myhre er student på master i estetiske fag, studieretning kunst i samfunnet. I høst fikk hun KOROs masterstipend.

Andrea sit på ein benk på campus. I bakgrunnen er det nokre gule skilt, bygningar og tre.
Andrea får ein million til å starte bedrift

Knitry utviklar ein digital læringsarena for strikking. Bedrifta, med masterstudent i estetiske fag, Andrea Dahlin Hamm i spissen, er ein av vinnarane av årets STUD-ENT.