Er det greitt at NAV kuttar trygda di automatisk utan at du får snakka med eit menneske?

Ein person står med ryggen til og ser utover ein park.

– Lova blir verkeleg gjennom å ta ho i bruk. Ein viktig del av lovbruk er ofte menneskemøte. Særleg innanfor velferdsrett. Elles er ho berre ein tekst på eit papir, seier jurist og forskar Julia Köhler-Olsen.

Köhler-Olsen forskar på digitalisering av saksbehandlingsprosessar i NAV. Ho ser det kan vera utfordringar med vedtak som fattast heilautomatisk i digitale kanalar, utan at andre menneske enn brukaren er inne.

– Det er vanskeleg å treffa ei avgjerd i saksbehandling i velferdsstaten utan å høyra historia di, seier ho.

Samstundes ser ho at digitalisering av saksbehandlinga betyr at ein får svar raskare og at NAV sparer ressursar.

Om forskinga

  • I forskningsprosjektet Påliteleg digital velferdsforvaltning (PÅDIGVEL) undersøkar forskarane korleis omsynet til påliteleg forvaltning blir vareteke når NAV utviklar nye digitale løysingar.
  • Prosjektet er leidd av Julia Köhler-Olsen og er finansiert av NAV.  
  • Les meir på nettsida til prosjektet (oslomet.no)

Ein person fekk automatisk mindre trygd

Sivilombodet fekk i oktober 2022 ein førespurnad frå ein advokat: Ein privatperson fekk korta ned uføretrygda si fordi vedkommande hadde overskride inntektsgrensa. Data om inntekta vart automatisk henta inn. Personen fekk ikkje noko varsel før systemet vedtok at trygda skulle bli redusert.

– Vedtaket var basert på tal frå registerdata. Men det er ikkje alltid tal frå registerdata er rette heller, seier ho.

Personen som fekk avkorta uføretrygda si hadde ikkje høve til å opponera mot opplysningane vedtaket var basert på.

– Sivilombodet såg på saka og gav privatpersonen medhald i at det var dårleg forvaltningsskikk, seier Köhler-Olsen.

Vedtaket vart gjort utan noka manuell behandling av nokon i NAV. Sivilombodet omtalte saka på nettsidene sine:

«... Arbeids- og velferdsdirektoratet erkjenner at Nav manglar rettsleg grunnlag for å la vere å varsle på førehand. Av omsyn til ei effektiv ressursutnytting ønskjer direktoratet å halda fram med å bruka den heilautomatiserte løysinga. Dei har derfor opplyst at dei vil setja i gang eit regelverksarbeid for å skaffa seg rettsleg grunnlag for å la vere å varsle».

Portrettbilde av Julia Köhler-Olsen.

Julia Köhler-Olsen forskar på digitalisering av saksbehandling i NAV. Foto: Pål Arne Kvalnes

– Ein flink borgar

– God forvaltningsskikk betyr at du ikkje er prisgitt forvaltningssystemet, seier Köhler-Olsen.

Det er ikkje slik at du må kjenna til forvaltningslova eller Sivilombodet for å kunna nekta for at uføretrygda di blir korta ned.

 – Her har me hatt med ein merksam borgar å gjera. Men det er ikkje sånn det skal vera, seier ho.

 Digitalisering og automatisering av saksbehandling er likevel noko ein i dag må rekna med, ifølgje Köhler-Olsen.

 – Masseforvaltninga er eit faktum allereie. Det er på denne måten ein kan behandla mange saker raskt. Sjølv i den ikkje-digitale forvaltninga i NAV er det veldig mange brukarar i dag. SINTEF kom i 2016 allereie fram til at det fattast rundt fire millionar vedtak om økonomiske ytingar årleg, seier ho.

Må sjå menneskeliv og lova saman

Saksbehandlarar i NAV jobbar for å vita nok om bakgrunnen til brukaren, slik at ein lovtekst og livet til brukaren kan sjåast i samanheng.

– Som behandlar skal eg heile tida gi deg høve til å supplera eller kommentera når det er noko nytt å tilføra. Saksbehandlaren må leggja fram for deg nye opplysningar som kan gi eit nytt bilete av saka, altså korleis verkelegheita er å forstå, seier Köhler-Olsen.

Men er vi allereie der at vi kan få automatiske vedtak frå NAV utan å snakka med eit menneske?

– Ja. På dei områda der NAV meiner at informasjonen som finst om oss er god nok og det ikkje trengst ytterlegare kommentarar, seier ho.

Digitalisering gir raskare saksbehandling

Köhler-Olsen har sjølv erfaring med eit typisk døme på automatisk saksbehandling i NAV.

– Eg har sjølv to barn og eg får barnetrygd. Så det fungerer ganske fint. Det er fint å få svar og utbetaling såpass raskt, seier Köhler-Olsen.

At vedtaket blir gjennomført heildigitalt utan at det må behandlast av ein «analog» saksbehandlar gjer også at vedtaket kan fattast hurtigare, og pengane blir raskare utbetalte enn på gamlemåten.   

– På den andre sida har me døme frå NAV-systemet der avgjerder blir gjorde automatisk på bakgrunn av den digitale informasjonen brukaren har lagt inn. Men så har informasjonen vore mangelfull eller ukorrekt, seier ho.

– Kan støtte opp om likebehandling

– Automatisering handlar ofte om å finna ein god balanse mellom likebehandling og individuelle tilpassingar, seier Ida Bring Løberg.

Bring Løberg er forskar i Arbeids- og velferdsdirektoratet. Ho forskar mellom anna på digitalisering og førstelinjearbeid i NAV.

– Automatisering kan støtte opp om likebehandling, men også utfordra individuelle tilpassingar. Det er ein risiko for at automatisering skaper ei rigid og absolutt saksbehandling. Der eventuelle svakheiter og feil blir reproduserte i eit stort omfang, seier ho.

Bring Løberg understrekar at automatiseringa sparer ressursar for NAV og arbeid for enkeltindivid.  

– Eit døme på dette i NAV er barnetrygd, der individa får pengane dei har krav på automatisk. Da slepp dei å søkja om pengane, seier Bring Løberg.

Bakgrunnen i saka (henta frå Sivilombudet.no)

Ombodet fekk i oktober 2022 ein førespurnad frå ein advokat om at NAV gjorde automatiserte vedtak om reduksjon av uføretrygd etter innhenting av opplysningar om inntekt. Vedtaka vart gjorde utan at dei uføretrygda vart førehandsvarsla. Advokaten vende seg til ombodet og viste til at manglande førehandsvarsling kunne utfordra dei uføretrygdas rettssikkerheit.

Den automatiserte prosessen innebar at NAV jamleg innhenta opplysningar om inntekt frå A-ordninga. Ordninga er ei løysing der arbeidsgivarar rapporterer opplysningar om inntekt og tilsette til NAV, Statistisk sentralbyrå og Skatteetaten. Dersom inntektsopplysningane viste at den uføretrygda hadde overskride grensa for kva ein kunne tena ved sida av uføretrygda, vart det automatisk gjort eit vedtak om reduksjon av ytinga for dei resterande månadene av kalenderåret.

Det vart ikkje sendt ut førehandsvarsel om at ytinga ville bli redusert. Den uføretrygda fekk derfor ikkje høve til å imøtegå grunnlaget for reduksjonen før etter at vedtaket var treft, gjennom ei klage. I det konkrete tilfellet som advokaten viste til var uføretrygda redusert sjølv om den aktuelle inntekta ikkje skulle ha ført til ein reduksjon. Den uføretrygdas klage over vedtaket vart behandla etter tre dagar, og reduksjonen vart reversert.

Sivilombodet fann grunn til å ta saka opp med Arbeids- og velferdsdirektoratet på generelt grunnlag.

Kontakt

Laster inn ...

Relatert forskning

Utanfor Emmas barneheimar i 1920.
Ungdom som bur på institusjonar vil at det skal sjå ut som ein heim, ikkje ein arbeidsplass

Før i tida var det eit mål om at barnevernsinstitusjonar skulle vere ein heim. I dag er andre målsetjingar meir framståande.

Foto: En ung gutt med en basketball får en klapp på skuldra av en blid mann
Det kan være bra for noen unge å bo alene på institusjon

Barn og unge med spesielt store utfordringer kan ha nytte av å bo alene i institusjon. Men tiltaket bør lovreguleres bedre. Hvis ikke kan menneskerettighetsbrudd gå under radaren, mener OsloMet-forskere bak ny studie.

En samtale mellom mor, far og et tenåringsbarn i samtale med en ansatt fra familievernet.
Skal også barn og unge få hjelp på familievernkontoret?

Det er både fordeler og ulemper ved det, ifølge en fersk rapport fra Velferdsforskningsinstituttet NOVA. Samtidig peker forskerne på spesielt én ting som må på plass først.

Publisert: 12.12.2023
Sist oppdatert: 12.12.2023
Tekst: Pål Arne Kvalnes
Foto: Pål Arne Kvalnes