Forskarar ved OsloMet har undersøkt korleis barnevernet jobbar med saker som involverer problematisk eller skadeleg seksuell åtferd hos barn og unge (sjå faktaboks).
Kven gjeld dette?
Barn og unge som utviser problematisk eller skadeleg seksuelle åtferd er ei samansett gruppe.
– Ein god del har sjølv vore utsett for seksuelle overgrep eller for vald eller omsorgssvikt, seier prosjektleiar Lotte C. Andersen ved NOVA.
– Andre kan ha autismespekterforstyrring, ADHD eller strevar sosialt på ulike måtar, og nokon har kognitive funksjonsnedsettingar. Eksponering for overdriven seksualitet, for eksempel grov pornografi, kan også vere eit kjenneteikn.
Det er stor variasjon både i kor alvorleg åtferda er, kor gamle dei er når åtferda blir fanga opp, familiesituasjonen til barna og sosiale bakgrunn og om dei har andre kjente utfordringar.
Sjølv om desse sakene utgjer ein liten del av arbeidet til barnevernet, har dei fleste av barneverntenestene i landet handtert minst ein eller fleire slike saker dei siste tre åra.
Stort spenn: frå vag bekymring til openberre overgrep
Sakene barnevernet jobbar med er svært varierte.
– I rapporten deler vi sakene inn i to overordna kategoriar, fordi dei kan utløyse litt ulike utfordringar og behov i ulike fasar av arbeidet til barnevernet, seier Andersen.
«Alvorlege, komplekse» saker karakteriserer saker der den seksuelle åtferda til barnet skader andre eller barnet sjølv, og der barnet ofte også har ei rekke påførte og/eller medfødde tilleggsvanskar. Sakene kan innebere tvang og vald, inkludert hendingar der ungdom gjer seg skuldig i valdtekt eller søskenincest.
– I fleire alvorlege saker blir det sett inn sikkerheitstiltak med ein gong. Då er det snakk om å utarbeide og sette i verk såkalla tryggleiksplanar. Dei skal verne det utsette barnet, forhindre fleire handlingar, og med det også verne det utøvande barnet frå ytterlegare sosialt stigma.
«Urovekkande, uklare» saker beskriv sakene der det er større usikkerheit om alvorsgrada av den seksuelle åtferda barnet har vist.
Det kan for eksempel dreie seg om barn i barnehagen som utviser ei seksuell åtferd som dei tilsette er usikre på om er innanfor normalen. Det kan også vere foreldre som har fått nyss om og reagert på seksuell utforsking mellom nokre eldre barn, der det er uklart om maktubalansen har vore skeiv, eller om handlingane har vore såkalla “aldersadekvate”.
– Felles for alle sakene er at dei utløyser mykje skam hos barna og familiane som er involverte, og dei kan vekke ubehag hos tilsette i barnevernet og i andre tenester, seier Andersen.
Krevjande for barnevernet
Både alvorlege og meir uklare saker kan vere krevjande for barnevernet. I dei uklare sakene beskriv forskarane ein «dobbel risiko»: Åtferda kan enten overtolkast og føre til unødvendig skam og tiltak, eller bagatelliserast slik at barnet ikkje får nødvendig hjelp.
Forskarane undertrekar at kompetanse, erfaring og tilgang på gode sparringspartnarar er viktig for å stå tryggare i saksarbeidet – nettopp fordi vurderingane er krevjande og kan få store konsekvensar.
Hjelparane må jobbe heilskapleg med barna. Det betyr at fokus ikkje bør vere på den seksuelle åtferda aleine, men også på underliggande årsaker og på å styrke viktige livsferdigheiter.– NOVA-forskar Lotte C. Andersen
Må ha kompetanse om barns seksuelle utvikling
Studien viser at ein tredel av barneverntenestene opplever låg eller svært låg kompetanse på området. Ifølgje forskarane bør alle tenestene ha ein grunnkompetanse om barns seksuelle utvikling og skeivutvikling. Dette kan skape mindre ubehag og gjere det enklare å vurdere om åtferd bør vekke bekymring.
Det er relativt få av dei som utfører skadelege seksuelle handlingar som barn, som også utfører seksuelle overgrep som vaksne.– Lotte Andersen
Større barnevernstenester bør ha minst éin tilsett med særkompetanse om problematisk og skadeleg seksuell åtferd som kan fungere som intern sparrepartnar. For mindre tenester vil det vere viktig med auka kjennskap til eksterne fagmiljø og lokale ressursar som dei kan støtte seg på.
I alvorlege saker jobbar barnevernet tett med blant anna skole, helsetenester, Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), barnehus og politi.
– Det er viktig at samarbeidet fungerer, og at dei profesjonelle aktørane som samarbeider trekker i same retning, seier Andersen. – Vi ser i studien at det må bli tydelegare kven som har ansvar for å koordinere samarbeidet i slike saker.
Korleis klarer barna seg vidare i livet?
Det er relativt få av dei som utfører skadelege seksuelle handlingar som barn, som også utfører seksuelle overgrep som vaksne. Samtidig viser forsking frå England at er det mange som slit vidare i livet.
Forskinga påpeikar at det viktigaste for korleis det går med barna seinare i livet er at dei profesjonelle hjelparane jobbar heilskapleg med utfordringane til barna.
– Det er eit hovudbodskap i studien vår òg, understrekar Andersen.
– Å jobbe heilskapleg betyr at fokus ikkje bør vere på den seksuelle åtferda aleine, men også på underliggande årsaker og på å styrke viktige livsferdigheiter som for eksempel korleis ein kan bygge gode relasjonar til andre.
Kjelder
Andersen, L.C.; Jevne, K.S. & Frøyland, L.R. (2025). Barnevernets arbeid når det er bekymring for barnets seksuelle atferd. NOVA Rapport 7/25 (sikt.nva.no)
Andersen, L.C. (2025). Barnehusenes nye målgruppe og mulige utfordringer: om sårbare mistenkte i seksuallovbruddsaker og de ikke-sårbare «hvem som helst» (cdforskning.no). I Skilbrei, M-L.; Stefansen, K. og Dullum, J.V. (red.). Et voldsfelt i bevegelse: Rettslige virkemidler og institusjonelle ordninger. Cappelen Damm Akademisk
Om studien
Lotte C. Andersen og Lars Roar Frøyland frå Velferdsforskingsinstituttet NOVA og Kari S. Jevne ved Institutt for sosialfag ved OsloMet – storbyuniversitetet har på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) gjennomført ei undersøking av korleis ulike delar av barnevernet arbeider med saker der den seksuelle åtferda til barnet vekker bekymring. Les meir om prosjektet.
Datagrunnlag:
- Bufdirs årlege survey til leiarar og tilsette i kommunale barnevernstenester og institusjonsbarnevernet: Barnevernbarometeret 2024.
- Minisurvey blant 55 studentar ved etter- og vidareutdanning innan barnevern ved OsloMet.
- Intervju med 43 informantar frå barnevernstenester, barnevernsinstitusjonar og andre fagmiljø.