LOCALCARE skal undersøke korleis kommunar i Noreg, Sverige og Danmark kan jobbe heilskapleg med aldersvennlege bumiljø og helse- og omsorgstenester.
I Norden fører ei aldrande befolkning til auka press på velferdstenestene, og dermed til ein debatt om korleis kommunar kan sikre berekraftige tenester. Som respons har helsemyndigheitene i Sverige, Noreg og Danmark signalisert at kommunane må planlegge for meir heimetenester, lokal omsorg og aldersvennleg stadsutvikling. Mange kommunar har allereie begynt å bevege seg bort frå institusjonsbasert omsorg til heimebasert omsorg.
Dette krev likevel ei langt meir heilskapleg tilnærming frå kommunanes side, og tverrsektoriell koordinering mellom kommunale avdelingar for helse og omsorg, planlegging, bustad, samferdsel og grøntstruktur. I dag skjer dette ofte stykkevis og utan koordinering. Det er derfor behov for meir kunnskap på tvers av fagfelt.
Prosjektet LOCALCARE skal undersøke korleis kommunar i Noreg, Sverige og Danmark kan jobbe heilskapleg med aldersvennlege bumiljø og helse- og omsorgstenester. Prosjektet vil jobbe med:
- Indikatorar for aldersvennlege bustadtypar som inkluderer element av helse og omsorg,
- "Eit "Aldersvennlig lokalsamfunnskompass" som skal støtte utviklinga av aldersvennlege nærmiljø, og
- Innsikt i den strategiske styringa av kommunane mot aldersvennlege byar. Arbeidet skal gjennomførast i tett samarbeid med seks partnarkommunar og ei referansegruppe med relevante aktørar. Vidare bidrar LOCALCARE til å bygge opp eit nytt tverrfagleg forskingsfelt med fokus på nordiske forhold.
Resultatet frå prosjektet vil gi konkrete verktøy som kan brukast av kommunane slik at dei kan arbeide strategisk for å skape kvalitativt gode bumiljø som mogleggjer helse- og omsorgstenester i heimen.
Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med seks kommunar og ei referansegruppe, og bidrar til å utvikle eit nytt tverrfagleg forskingsfelt med nordisk fokus.