Denne erklæringa gjeld ikkje våre subdomener.
Status for www.oslomet.no per 10. februar 2020
- Accessibility Score: 80,5 av 100 poeng
- Generell framgang: 13 problem løyst, 12 problem står att å løyse
- Kilde: Siteimprove
Vi brukar verktøyet Siteimprove til å kontinuerleg måle i kva grad oslomet.no oppfyller krava til tilgjengelege nettsider (universell utforming). Verktøyet gir oss kontinuerleg ein "Accessibility Score" som viser i kva grad nettstaden samsvarar med standardane i WCAG 2 (Web Content Accessibility Guidelines).
Dette må vi rette opp
Punkta under lister opp funksjonalitet og innhald der feiltypane inngår (WCAG 2.0-nivå/ID i parentes):
Navigering
- Tastaturnavigering fungerer ikkje godt nok (AA 2.4.7)
- Det finst innhald som ikkje er inkludert i landemerker (A 1.3.1)
- Det finst ingen alternativ for å hoppe over gjentatt innhald (A 2.4.1)
Overskrifter
- Ikkje alle overskrifter er hierarkisk organisert (AAA 2.4.10)
- Nokre overskrifter manglar tekst (A 1.3.1, AAA 2.4.10)
Formatering av tekst
- Nokre sider brukar kursivkoden «i» for å utheve tekst (A 1.3.1)
- «Bold»-tag som brukast til å formatere tekst (A 1.3.1)
- Andre sider brukar «u»-tag til å formatere tekst (A 1.3.1)
Bilete
- Nokre bilete manglar alternativ tekst (A 2.4.4)
Lenker
- Nokre sider har lik lenketekst brukt for flere forskjellige mål (A 2.4.4, AAA 2.4.9)
- Nokre lenker visast kun med farge (A 1.4.1)
- Ei rekkje lenketekstar er for generiske (AAA 2.4.9)
Søkefelt/søkefunksjon
- Nokre felt har inga beskriving (A 3.3.2, A 1.3.1, A 4.1.2 )
- Skjemaelement er ikkje gruppert (A 1.3.1, A 3.3.2)
- Leietekstar er ikke kopla til ein skjemakontroll (A 1.3.1)
- Knappar manglar (A 3.2.2, A 3.2.2)
Koding
- Nokre element-ID-ar er ikkje unike (A 4.1.1, A 1.3.1)
- Nokre iFrames manglar beskriving (A 4.1.2)
Vi bryr oss om tilgjengelegheit!
OsloMet er pliktig til å
- oppretthalde og vidareutvikle ein tilgjengeleg nettstad
- sjå til at nettstaden oppnår minst nivå AA i WCAG 2.0 (w3.org)
- følgje likestillings- og diskrimineringsloven (lovdata.no)
- følgje forskrift om universell utforming av IKT (lovdata.no)
- sørgje for at alt nytt innhald oppnår minst nivå AA i WCAG 2.0
- tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1
- inkludere universell utforming i valet av tredjepartssystem og oppgraderingar av eksisterande system
OsloMet er offisiell samarbeidspartnar med International Association of Accessibility Professionals (iaapnordic.org).
Tilgjengelegheitsprinsippa vi følgjer
Kommunikasjonsavdelingen ved OsloMet tar universell utforming av IKT på alvor, og har dedikerte personar og verktøy for å dagleg følgje med på nettstadens status. Gjennom vekentlege arbeidsøkter rettar vi opp i WCAG-feil, samt legg langsiktige planar for korleis vi skal løyse dei resterande problema (både innanfor og utanfor WCAG).
Korleis kan du sei frå om manglande tilgjengelegheit?
Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller er språket vanskeleg å forstå? Er det noko som hindrar funksjonalitet, eller går du glipp av innhald på oslomet.no?
Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelegheit!
Send oss ein e-post til nettredaksjonen@oslomet.no.
Er det noko du ikkje klarar å lese på oslomet.no?
Kontakt oss for å få tilsendt innhald i eit anna format. Du kan sjølv velje korleis du vil ha innhaldet. Eksempel på dette kan vere universelt utforma PDF-ar, Word-filer eller print på papir.
Fungerer ikkje skjermlesaren slik den skal på nettstaden vår? Kontakt oss på telefonnummeret 67 23 50 00 (sentralbord) og få innhald lest opp via telefon.
Tips og triks
Tekststorleik:
- Hald inne Ctrl og tast + (pluss) for å zoome inn.
- Hald inne Ctrl og tast - (minus) for å zoome ut.
- Hald inne Ctrl og tast 0 (null) for å gå tilbake til start.
Skjermlesar:
- Ein skjermlesar er eit dataprogram som presenterer det visuelle på ein skjerm over til ei leselist eller til syntetisk tale.
- Få meir informasjon om skjermlesarar på Blindeforbundets nettsider (blindeforbundet.no).
Verktøy og sider om tilgjengelegheit
- BBC har gode nettsider om korleis du enkelt kan tilpasse nettlesaren din (bbc.co.uk) basert på kva utfordringar du har. Nettsidene er kun på engelsk.
- Forskrift om universell utforming av IKT (difi.no).
- Tilrettelegging av studiekvardagen ved OsloMet (student.oslomet.no)
- Tilrettelegging og HMS for tilsette (ansatt.oslomet.no).
For innhald på engelsk:
- Read the Words – gratis netteneste som konverterer tekst til tale (readthewords.com).
- WebbIE – gratis program som gjer det lettare for blinde og svaksynte å bruke nettet (webbie.org.uk).
Om lenker til våre gamle nettsider
Sidene du er inne på inneheld ei rekkje midlertidige lenker til vår gamle nettstad, hioa.no, der det også finnes ikkje-tilgjengeleg innhald. Først og fremst gjelder dette PDF-filer, berre omlag tre prosent av desse er universelt utforma.