Fortidens annerledeshet. Historiedidaktikk på fortidens premisser, (Universitetsforlaget) bygger på ei overtyding om at danningspotensialet til historiefaget ligg i å vise kor ulike menneske har vore gjennom tidene. Når vi forstår at verda ikkje er gitt éin gong for alle, blir moglegheita opna for å tenke kritisk om eige samfunn og eiga tid.
Program
14.30:
- Velkommen ved professor Kim Helsvig, OsloMet – storbyuniversitetet
- Forlagsredaktør Ingrid Ugelvik, Universitetsforlaget
- Kommentarar ved professor Eivor Andersen Oftestad, Universitetet i Innlandet og professor emeritus John Peter Collett, Universitetet i Oslo
Pause
15.30: Marlen Ferrer fortel om målsettinga si med boka i samtale med kommentatorane, spørsmål og kommentarar frå publikum.
Arrangementet er gratis og ope for alle, men har påmelding pga. servering.
Les om Fortidens annleisheit (universitetsforlaget.no).