Childlife: Fire år som «framifrå miljø». Kva no?

Etter 4 år som framifrå miljø inviterer vi til seminar for å sjå kor vegen går vidare for Childlife og for OsloMet si satsing på barn og unge.

Forskingsmiljøet Childlife – Barneliv og profesjonsutøving har vore aktive i meir enn 15 år. Dei siste fire åra har miljøet hatt status som «framifrå forskingsmiljø» på Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studier. No inviterer vi til eit seminar om kor vegen går vidare for Childlife – og for OsloMet si satsing på barn og unge.

Program

Pause 

Laster inn ...

Om Childlife

Childlife er eit tverrvitskapleg miljø som samlar forskarar frå ulike disiplinar og profesjonsfelt. Eit mål er å synleggjere og skape grobotn for innovativ forsking om og med barn og unge. Vidare ønsker vi å skape ein arena for dialog, samarbeid og kreativitet som kan bidra til ny forsking og kunnskapsutvikling. Gjennom forskingskonferansane våre som blir arrangerte annakvart år, bygger vi internasjonale nettverk.

Childlife sin nettstad (uni.oslomet.no)