Disputas: Aina Birgitte Hammer

Aina Birgitte Hammer skal forsvare avhandlinga si for doktorgrada i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Tittel på prøveforelesinga er "Utfordringer som reises når man vil bruke forumteater og 'de undertryktes pedagogikk' i den demokratiske velferdsstatens utdanningssystem."

Tittelen til avhandlinga er «Kontroversielle tema og forumteater i KRLE. Eit aksjonsforskingsprosjekt om utvikling av kritisk-pedagogisk praksis i ungdomsskolen»

Vurderingskomiteen består av

Disputasleiar er Annette Hessen Bjerke, førsteamanuensis, Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, OsloMet.

Hovudrettleiar er Claudia Lenz, professor ved MF vitskapeleg høgskole. Birettleiarar er Thomas Eri, førsteamanuensis ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning OsloMet, og Åse Røthing, professor ved Institutt for åtferdsvitskap, OsloMet.

  • Samandrag av avhandlinga

    Hammers artikkelbaserte doktoravhandling er resultat av eit aksjonsforskingssamarbeid mellom KRLE-lærarar, elevar og skoleleiing ved ein ungdomsskole i Oslo øst, og Hammer som forskar frå OsloMet. Den overordna problemstillinga undersøker korleis lærarars og elevars arbeid med kontroversielle tema i KRLE-faget i ungdomsskolen kan bli utvikla og endra gjennom bruk av forumteater. 

    Forumteater sporar røtene sine tilbake til Sør-Amerika på 1970-talet og er forankra i den kritisk-pedagogiske arven etter Paulo Freire. Hammer drøftar problemstillinga i avhandlinga med særleg vekt på maktforhold og myndiggjeringsprosessar, og diskuterer moglegheiter og dilemma relaterte til å operasjonalisere forumteater i ein norsk KRLE-fagleg samanheng på 2020-talet. 

    Konteksten og relevansen til avhandlinga er forankra i både norske og europeiske utdanningspolitiske dokument. Her blir det framheva at handtering av kontroversar, usemje og meiningsbrytning er ein berebjelke for demokratiet og ein føresetnad for elevars demokratiske utdanning og danning. 

    Også tidlegare forsking løftar fram demokrati og medborgarskap som grunngiving for å inkludere kontroversielle tema i undervisinga, og diskusjon blir peika ut som ein særleg eigna arbeidsmåte. Samtidig har tidlegare studiar identifisert ei rekkje individuelle og kontekstuelle utfordringar for både lærarar og elevar når kontroversielle tema blir diskuterte i klasserommet. Hammer grunngir valet av aksjonsforsking i nettopp spenningsfeltet mellom demokratisk utdanning på den eine sida og lærarars og elevars erfarte utfordringar på den andre. 

    Samla viser avhandlingsarbeidet at forumteater og kritisk-pedagogiske perspektiv mogleggjer utvikling av nye, demokratiserande praksisar for lærarar og elevar i arbeidet med kontroversielle tema. Empiriske bidrag viser korleis forumteater aukar elevdeltakinga, forhindrar konflikt og fremmer ulike former for demokratilæring. 

    Bidraga synleggjer vidare korleis dette heng saman med både myndiggjeringsprosessane til lærarane og elevane og den prosessuelle, sjølvreflekterande og sykliske arbeidsmåten som aksjonsforskinga legg til rette for. Avhandlinga framhevar korleis forumteater som praktisk-estetisk arbeidsform opnar for andre former for læring og deltaking enn det diskusjon om kontroversielle tema vanlegvis gjer. 

Kontakt

Kontakt ph.d.-administrasjonen via e-post