- 10.00-11.00: Prøveforelesing.
- 12.00-15.00: Disputas.
Tittel på prøveforelesinga kjem.
Tittel på avhandlinga: "Lærarars vurdering av algoritmisk tenking: ein analyse på tvers av kontekster".
Vurderingskomiteen består av
- første opponent, Morten Misfeldt, professor ved Københavns universitetet
- andre opponent, Sanna Erika Försström, førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger
- leiar av komiteen, James Gray, førsteamanuensis ved Institutt for grunnskole- og faglærarutdanning (GFU), OsloMet
Disputasleiar er Sølvi Mausethagen, førsteamanuensis og prodekan for forskning, Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, OsloMet.
Hovudrettleiar er professor Katarina Pajchel, førsteamanuensis, GFU, OsloMet. Medrettleiar er Konstantinos Xenofontos, professor ved Universitetet i Agder.
Samandrag
Denne avhandlinga utforskar korleis lærarar vurderer Computational Thinking (CT) i Noreg, Finland og USA, med fokus på tolkingane til lærarane av CT, vurderingspraksisen deira og kontekstuelle faktorar.
Ved bruk av eit multiple-casestudie fokuserer denne avhandlinga på grunnskolelærarars CT-vurdering når CT er integrert i fag, hovudsakleg i matematikk.
Funna viser at lærarar tolkar CT på ulike måtar, spesielt i relasjon til programmering og matematikk. Sjølv om CT-vurdering var utfordrande for lærarar, blei det meir handterleg når det blei knytt til programmering. Vidare viser funna at lærarane opplevde spenningar mellom læreplanmål og eksamenskrav. Lærarane føretrekte observasjon og formative metodar framfor prøver og eksamen, og desse praksisane var konsistente trass i ulike nasjonale vurderingsparadigme.
Avhandlinga bidrar også til feltet med ein konseptuell diskusjon om CT-vurdering, og argumenterer for at CT-vurdering bør styrast av verdispørsmål heller enn målbarheit.