- 10.00: Prøveforelesing
- 12.00: Disputas
Vurderingskomité:
- førsteopponent: professor Linda Susanne Estman, Universitetet i Stavanger
- andreopponent: Bodil Holmberg, Sophiahemmet Högskola, Sverige
- leiar av komiteen: professor Jonas Debesay, OsloMet
Disputasleiar er førsteamanuensis Daniella Lillekroken, OsloMet.
Hovudrettleiar er professor Vibeke Lohne, OsloMet. Medrettleiarar er førsteamanuensis Dag Karterud, OsloMet, professor Dagfinn Nåden, OsloMet, og professor Ann Gallagher, Brunel University.
Samandrag av avhandlinga
Korleis kan vi forstå nudging i sjukeheimar? I sjukepleie og spesielt i sjukeheimar er det ei utfordring å balansere bebuarar sine behov for fridom med behovet for omsorg. Pleiarar må ofte ta avgjerder på vegner av bebuarane for å verne dei.
Dette kan opplevast som ei innblanding i fridommen til bebuarane. Eit verktøy som kan hjelpe i slike situasjonar er nudging. Nudging inneber små tilpassingar i omgivnadene som gjer det lettare å ta gode val – utan bruk av press eller tvang.
Studien undersøkte korleis nudging blir brukt i sjukeheimar. Gjennom observasjonar og nudging går føre seg og korleis bebuarar, pårørande og tilsette opplever slik påverknad.
Kva viser studien?
Bebuarane fortalde at dei aksepterer at pleiarane tar avgjerder for dei, så lenge dei kjenner seg inkluderte og respekterte. Pårørande meinte at pleiarane ikkje burde prioritere valet til bebuarane dersom det gjekk utover helse eller sikkerheit.
Pleiarane uttrykte kvalar mot å påverke bebuarars val, samtidig som dei i praksis brukte mange ulike tilnærmingar for å påverke valet til bebuarane. Tilnærmingane varierte frå tilrettelegging, slik som nudging, og milde oppfordringar til meir direkte overtaling. Fleksibiliteten i metodar for påverknad gjorde det mogleg å tilpasse hjelpe til ulike situasjonar.
Studien viser at det ikkje alltid er ei motsetning mellom å respektere fridommen til bebuarane og å ta kontrollen når det er nødvendig. Små tilpassingar kan både gi bebuarane ei kjensle av sjølvstende og samtidig sikre at dei får den hjelpa dei treng.
Derfor er det nyttig å sjå på påverknad som ein skala – frå milde, støttande tiltak som nudging, til meir direkte handlingar. Denne måten å forstå påverknad på kan hjelpe pleiarane når dei møter etiske utfordringar i kvardagen.
Studien viser også kor viktig det er at pleiarar vurderer kva barrierar som hindrar bebuarar i å ta gode val, i tillegg til deira evne til og rett til å ta eigne val.