English version

Disputas: Astrid Midtsund

Astrid Midtsund forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i helsevitskap.

Vurderingskomité:

Disputasleiar er professor Ingrid Ruud Knutsen, OsloMet.

Hovudrettleiar er Lena Henriksen, OsloMet. Medrettleiarar er professor Mirjam Lukasse, OsloMet og førsteamanuensis Lisbeth Valla, OsloMet.

Samandrag av avhandlinga

Tittel på avhandlinga: "Public health nurse in child and family health clinics role in preventing and detecting child maltreatment."

Vald mot barn er ein del av vald i nære relasjonar og kan ha alvorlege konsekvensar for både barn, familiar og samfunnet. Helsestasjonen, som er eit gratis tilbod for barn frå 0 til 5 år, speler ei viktig rolle fordi dei møter alle.

Helsesjukepleiarar følgjer eit fast program med minst 14 konsultasjonar før skolestart, der dei fleste skjer i det første leveåret til barnet. Dei har tidleg kontakt med familiar, blant anna gjennom heimebesøk rett etter fødselen og møter alle barn, noko som gir dei eit unikt høve til å fange opp teikn på vald eller omsorgssvikt.

Likevel viser offentlege rapportar, som NOU 2017:12, at vald og omsorgssvikt ofte ikkje blir oppdaga. I Kripos-rapporten frå 2019 som omhandla alvorleg vald mot barn mellom 0 og 4 år, kom det fram at 70 prosent av valdssakene gjaldt barn under eitt år.

Desse barna er så små at dei ikkje har begynt i barnehage, og helsesjukepleiarar kan vere dei einaste utanfor familien som møter desse barna. Det finst lite forsking på korleis helsesjukepleiarar jobbar med å førebygge og avdekke vald i praksis.

Denne doktorgradsavhandlinga undersøker helsesjukepleiarar si rolle på helsestasjonar i å oppdage og førebygge vald mot barn.

Metode og resultat

Avhandlinga har ein mixed method-tilnærming, der både kvalitative og kvantitative data er samla.

I den første studien blei 14 helsesjukepleiarar frå 11 helsestasjonar intervjua om erfaringane sine, og funna frå desse intervjua bidrog til utviklinga av spørjeskjemaet som blei brukt i dei to neste studiane.

Dei tre studiane gir innsikt i helsesjukepleiarar si rolle i å oppdage og førebygge vald mot barn og beskriv korleis dei jobbar i praksis.

Den første studien viser at helsesjukepleiarar integrerer kunnskap om førebygging som ein del av kvardagen, men at dei opplevde utfordringar knytte til avdekking av vald, og dessutan at dei har behov for tydelegare retningslinjer og ønsker betre samarbeid med andre.

Den andre studien viser at helsesjukepleiarar i stor grad følgjer retningslinjene, og dessutan bekreftar behovet for meir samarbeid.

Den tredje studien avdekte eit gap mellom helsesjukepleiarar si evne til å kjenne igjen vald og kjensla deira av tryggleik i å handtere slike saker, noko som peikar mot behovet for meir opplæring og støtte.