Les meir om disputasen på den engelske nettsida.
Samandrag
Denne artikkelbaserte doktoravhandlinga utforskar korleis afasi påverkar informasjonsøk. Afasi er ein erverva språkvanske forårsaka av hjerneskade. Afasi påverkar evna til å produsere og forstå skriftleg og munnleg språk, der utfordringar med ordmobilisering er ein vanleg karakteristikk. Å søkje etter informasjon krev ferdigheiter knytt til både språkbruk og språkforståing, som ordmobilisering, stave- og leseferdigheiter. Denne kvalitative studien er basert på semistrukturerte intervju og observasjonar av søkjeåtferda til 20 personar diagnostisert med afasi.
Studien viste at personar med afasi møter betydelege utfordringar med informasjonsøk. Til dømes rapporterte deltakarane vanskar med å uttrykkje og formulere søkjeord på grunn av utfordringar med ordmobilisering og staving. I tillegg var det utfordrande å evaluere resultat grunna reduserte leseferdigheiter. Det vart rapportert om informasjonsbehov som ikkje vart forsøkt løyste, fordi det vart vurdert som for anstrengande å søkje.
Studien framhevar behovet for meir inkluderande søkjesystem som kan støtte søkjeåtferda til personar med afasi. Avhandlinga diskuterer òg korleis bibliotekarar kan bidra i det tverrfaglege støtteapparatet gjennom søkjehjelp og rettleiing.