- 10.00: Prøveforelesing: Frå eksperimentelle studiar til innføring i klinisk praksis: Strategiar for implementering av spektral CT og fotonteljarar i helsetenesta.
- 12.00: Disputas
Vurderingskomité:
- førsteopponent: førsteamanuensis Helle Precht, Universitetssjukehusa i Sør-Danmark og Syddansk universitet
- andreopponent: førsteamanuensis Michael Brun Andersen, Herlev og Gentofte hospital, Danmark
- leiar av komiteen: førsteamanuensis Kjetil Gundro Brurberg, OsloMet
Disputasleiar er instituttleiar Elin Holter Anthonisen, OsloMet.
Hovudrettleiar er førsteamanuensis Peter Mæhre Lauritzen, Oslo universitetssjukehus, OsloMet og Akershus universitetssjukehus.
Medrettleiarar er ph.d. Audun Sanderud, Norsk nukleær dekommisjonering (NND), professor II Jonn Terje Geitung, Oslo universitetssjukehus og Universitetet i Oslo og ph.d. Thien Trung Tran, Akershus universitetssjukehus.
Last ned avhandlinga frå ODA (oda.oslomet.no).
Samandrag av avhandlinga
Hjarte- og karsjukdommar er ei av dei største dødsårsakene globalt, og CT-undersøking av blodårane (CT-angiografi) er viktig i utgreiinga. Tradisjonelt blir høge dosar jodkontrastmiddel brukte, som kan vere risikabelt for enkelte pasientar.
Spektral CT bruker røntgenstrålar med ulike energinivå, og ved låge energiar er han spesielt sensitiv for jod. Dette aukar effekten av jodkontrastmiddel i bilda, og gjer at ein kan redusere jodkontrastmiddel-dosen utan å redusere bildekvaliteten.
Hovudmålet var å kartlegge potensialet for å redusere mengda jodkontrastmiddel i CT-angiografi ved hjelp av "dual-energy"-teknikk, og kva strategiar for kontrastmiddeladministrering som gir best resultat.
Samanlikna med vanleg CT med full dose jodkontrastmiddel, fann vi at dual-energy-CT med halv dose jodkontrastmiddel gav høgare kontrast-effekt ved låg energi, både målte som auka røntgentettleik i blodårane og som kontrast-til-støy-forhold. Testar med kunstige koronararteriar viste høgare kontrast-til støy-forhold ved lågare energi-nivå, uavhengig av hjartefrekvens og pasientstørrelse.
Ein studie der vi fordelte pasientar tilfeldig i tre grupper som fekk redusert mengde jodkontrastmiddel på tre ulike måtar (blanding med saltvatn, låg injeksjonsfart og låg konsentrasjon) viste at alle tre metodane kunne brukast i klinisk praksis. Dette gjer det lettare å gjennomføre undersøkingar med redusert jodkontrastmiddel. Låg konsentrasjon var den metoden som gav best bildekvalitet i alle nivå av kartreet.
Funna våre er viktig for klinisk praksis. Dual-energy teknikkar kan halvere jodkontrastmiddel-dosen ved CT-angiografi, utan at det går på kompromiss med undersøkingskvaliteten. Sjølv om høgare energi-nivå gir lågare støy, er auka attenuasjon ved låge energi-nivå avgjerande for å oppnå best kontrast-til-støy-forhold.
Bruk av mindre jodkontrastmiddel er gunstig for pasienten, minimerer miljøpåverknaden og reduserer helseutgifter, noko som understrekar kor viktig det er å ta i bruk slik teknologi.