English version

Disputas: Elin Golten

Elin Golten forsvarer ph.d.-grada i bibliotek- og informasjonsvitskap med avhandlinga «Folkebiblioteket som uavhengig møtestad og arena for offentleg samtale og debatt i ei digital tid».

Prøveforelesning

Prøveforelesing: kl. 10.00 -10.45
Tittel på prøveforelesing: blir sidan avklart

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00 

Komiteen

Leiar for disputasen

Prodekan Agnete Vabø, Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet

Rettleiarar

  • Samandrag

    I avhandlinga blir det utforska korleis sentrale aktørar i to lokalsamfunn: bibliotekarar, bibliotekbrukarar, lokale politikarar og samarbeidspartar med biblioteket, definerer biblioteket som ein møtestad og ein institusjon som skal byggje opp under ei berekraftig lokal offentlegheit. Studien nyttar kvalitative intervju, og er ein samanliknande casestudie med to case, Fjell folkeboksamling og Voss bibliotek og konteksten av lokalsamfunna dei opererer i. Det blir nytta ulike teoretiske tilnærmingar for å studere biblioteket som møtestad; biblioteket som tredje stad (Oldenburg, 1999), offentleg rom (Lofland, 1998; Sennett, 2009), og høg- eller lågintensiv møtestad (Audunson, 2005b). Habermas (1962/1991) sin teori om offentlegheit belyser på same vis biblioteket som arena for samtale og debatt. 

    I prosjektet finn ein at ulikskapar ved lokalsamfunn, til dømes knytt til demografi, historie og tradisjonar, utviklingsdynamikk, og nærleik til byen har innverknad på korleis biblioteket fungerer som lokal offentleg sfære. Funn indikerer at som arrangementsarena er folkebiblioteka særskilt nytta av eldre, kvinner og barn, medan ungdom og innvandrar er lite til stades. Tema og tidspunkt for arrangementa er avgjerande for kven som kjem. Arrangementa bidrar til den sosiale dimensjonen ved biblioteket, men hovudsakleg gjennom dei uformelle treffa mellom folk før og etter arrangementet, og i pausar undervegs. Dei fungerer delvis som tredje stader men er for organiserte til å samsvare med Oldenburg sin teori. Arrangementa ser ut til å vere vekslande lågintensive og høgintensive møtestader, definert av samansetnaden på deltakarar og kor nært tema er den einskilde sitt livsprosjekt. Offentlege rom blir av Sennett og Lofland definerte som urbane arenaer. I prosjektet finn ein at det er behov for denne typen møtestader også i meir rurale strok.

    Folkebiblioteka si rolle som debattarena er lite nytta i dei to folkebiblioteka, med svært få debattarrangement. Det blir avdekka potensielle utfordringar knytt til folkebiblioteka si rolle som uavhengige arenaer samstundes som dei er kommunale institusjonar, og når det gjeld kva rom folkebiblioteka har til å definere kva stemmer som får sleppe til. Når det gjeld å prioritere mellom oppgåver, er det like mange informantar som legg vekt på biblioteket som ein tradisjonell arena, som vektlegge både tradisjonell og sosial arena like mykje. Det er færre som meiner den sosiale arenaen bør prioriterast. Verdien av biblioteket blir sett i samanheng med både personleg og samfunnsmessig verdi. Biblioteket blir også tillagt verdi berre ved å vere der som ei moglegheit. Det blir sett fram behov for og ønske om at biblioteket må endre seg for framleis å ha verdi i ei digital tid.