English version

Disputas: Eva Marie Engebakken Flaathen

Eva Marie Engebakken Flaathen forsvarer avhandlinga si om utvikling og testing av ein nettbrettintervensjon for gravide norske, pakistanske og somaliske kvinner med ei historie med vald i nære relasjonar for doktorgrada i helsevitskap.

Prøveforelesning: Sidan tidleg i 2020 har det vore aukande bekymring for verknaden av Covid-19-pandemien på familievald, vald i nære relasjonar og seksuell vald. Diskuter korleis Covid-19 har påverka svangerskapsomsorg i forhold til familievald, vald i nære relasjonar og seksuell vald.

Vurderingskomiteen består av

Disputasleiar er instituttleiar og professor Marit Kirkevold.

Rettleiarar er OsloMet-professorar Lena Henriksen, Mirjam Lukasse og Milada Cvansarova Småstuen.

Samandrag av avhandlinga

Vald i nære relasjonar i svangerskapet er eit brot på menneskerettar og eit alvorleg samfunnsproblem. Det er manglande kunnskap om effektive intervensjonar som kan identifisere, redusere og forhindre vald i svangerskapet.

Eit nettbrett kan bidra til at gravide kvinner melder frå om valdserfaringar. Få norske studiar som undersøker vald i nære relasjonar inkluderer kvinner med innvandrarbakgrunn.

Hensikt

Formålet med prosjektet Trygt svangerskap var å utvikle ein kultursensitiv nettbrettintervensjon, å undersøke moglege assosiasjonar mellom vald i nære relasjonar og uplanlagt svangerskap og å undersøke om nettbrettintervensjonen påverka norske, pakistanske og somaliske gravide kvinners livskvalitet, bruk av tryggleikstiltak og om valden minka tre månader etter fødsel.

Metodar og materiale

Ein kvalitativ brukarmedverknadsstudie inkluderte djupneintervju med norske, pakistanske og somaliske kvinner og fokusgruppeintervju med fagpersonar tilsett på krisesenter.

Ein randomisert kontrollert studie (n=317) og ein tverrsnittstudie (n=1788) nytta data frå spørjeskjema frå Trygt svangerskap.

Resultat

Brukarmedverknadsstudien viste at kvinner var positive til å melde frå om valdserfaringar på eit nettbrett.

Kvinnene understreka at anonymitet og ein tillitsfull relasjon til jordmor er viktig for at kvinner melder frå om valdserfaringar på eit nettbrettbasert spørjeskjema.

Det var ingen statistisk signifikante forskjellar mellom intervensjons- og kontrollgruppa i livskvalitet, bruk av tryggleikstiltak eller valdserfaringar tre månader etter fødsel.

Kvinner som rapporterte at svangerskapet ikkje var planlagt hadde statistisk signifikant høgare risiko for å ha opplevd vald i nære relasjonar i løpet av livet samanlikna med kvinner som hadde planlagt svangerskapet.

Konklusjon

Funna frå Trygt svangerskap avdekker behov for ytterlegare forsking for å utvikle effektive digitale intervensjonar for å identifisere og forhindre vald i nære relasjonar blant gravide kvinner, spesielt kultursensitive intervensjonar for å inkludere ikkje-etnisk norske kvinner.

Intervensjonen bør rettast mot kvinner som er utsette for nyleg og igangverande vald i svangerskapet.

Trygt svangerskap-intervensjonen har potensiale til å motivere valdsutsette kvinner til å melde frå og søke hjelp og støtte hos jordmor. Intervensjonen kan også vere eit nyttig verktøy for jordmor i samtala med gravide kvinner om valdserfaringane deira.