!
Arrangementet har utgått!

Dette arrangementet har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter arrangementsdato.

Disputas: Grethe Midtlyng

Grethe Midtlyng disputerer for grada ph.d. i profesjonsstudiar med avhandlinga «Between chaos and control: Embodied performance of operational work in a high security prison»

Vurderingskomiteen består av:

Disputasleiar: senterleiar Beate Elvebakk, Senter for profesjonsforsking, OsloMet

  • Samandrag

    Denne avhandlinga utforskar korleis arbeidarar i førstelinja varetek tryggleiken i organisasjonar, basert på ein etnografisk studie av arbeid i eit norsk høgtryggingsfengsel. Fokus er retta mot korleis fengselsbetjentar og vaktleiarar utøver operativt arbeid, som i fengsel inneber eit formelt ansvar for varetakinga av tryggleiken til samfunnet, innsette og tilsette. 

    Operativt arbeid blir kjenneteikna av å kontinuerleg navigera uvisse på grunn av såkalla situasjonsvariabilitet, som fordi fengselsbetjentar arbeider fysisk nært innsette, i stor grad avheng av sosiale faktorar. Å forstå kva og kven som kan representera ein risiko, og korleis farar (eventuelt) vil materialiserast, er ei kompleks oppgåve.

    Metode

    Variasjonen i operativt arbeid utgjer potensielle spenningar til rasjonalistiske tilnærmingar til arbeid innebygde i høgtryggingsfengsel som byråkratiske organisasjonar oppteke av kontroll og regulering av arbeid. For å vita meir om avstanden mellom implisitte antakingar om arbeid inkorporert i formelle strukturar, og korleis situert arbeid faktisk blir utøvd, har det vorte etterlyst eit større fokus på beskrivingar av faktiske arbeidspraksisar innan tryggingsforsking.

    Deltakande observasjon er ein nyttig metode for å gå utover formelle beskrivingar av arbeid med tryggleik, og for å beskriva arbeid som det blir utøvd i verkelege situasjonar. Gjennom fem månaders feltarbeid i eit norsk høgtryggingsfengsel deltok eg i fengselsbetjentars og vaktleiarars daglege arbeid, der både observasjonar og feltsamtalar var sentrale for å forstå utøvinga av arbeidet. 

    Forskingsspørsmål

    Det overordna forskingsspørsmålet i avhandlinga er korleis operativt arbeid blir utøvd i eit høgtryggingsfengsel, og basert på observasjonar av arbeidet i fengselet vart det overordna spørsmålet adressert gjennom følgjande spørsmål: Korleis utfører fengselsbetjentar operativt arbeid som ein kroppsleggjord kompetanse? Og, på kva for nokre måtar verkar formelle representasjonar av arbeid som lite eigna for utføringa av operativt arbeid?

    Resultat

    Dei tre artiklane og kappen viser korleis fengselsbetjentane utførte operativt arbeid som ein kroppsleggjord kompetanse gjennom aktivt nærvær i fengselsmiljøet ut frå ein bestemd orientering mot risiko og fare. 

    Artiklane viser korleis fengselsbetjentar gav meining til svake signal via sansane som bidrog til at dei merka at «noko er gale», korleis dei stolte på sine eigne kroppslege vurderingar om tryggleik og fare for å ta forholdsreglar i eit sosiale og skiftande fengselsmiljø, og korleis vaktleiarar ‘skapte' kapasitet i møte med ulike forstyrringar gjennom tilpassingar av ressursar basert på lang fengselserfaring. 

    Vidare viser artiklane korleis representasjonar av arbeid, inkludert tryggingsreglar, bemanningsplanar og bygningsutforming på nokre måtar verka lite passande for korleis det operative arbeidde faktisk vart utførte, eller i nokre tilfelle for korleis mange betjentar ønskte å utføra det, og slik reduserte evna betjentane hadde til å løysa tryggingsproblem.

    Bidrag

    Avhandlinga bidreg til fengselsforsking ved å gi beskrivingar av tryggingsrelatert arbeid slik det blir utøvd i vanleg drift, noko som gir eit viktig supplement til overvekta av studiar som søkjar årsaksforklaringar i etterkant av fengselsopprør.

    Vidare gir avhandlinga tre hovudbidrag til tryggingsforskinga. Først, avhandlinga teoretiserer korleis operativt arbeid blir utført som ein kroppsleggjord kompetanse og korleis dette bidreg til folks tryggleik gjennom spesialisert kunnskap utvikla gjennom erfaring. Gjennom dette blir komplettert ‘tynne' rasjonaliserte forståingar av arbeid i både forsking, politikk og praksis, og bidreg til å komplettare eit vanleg fokus på korleis folk tenkjer for å løysa tryggingsproblem.

    Dernest gir avhandlinga empiriske beskrivingar frå etnografisk feltarbeid i ein høgtryggingskontekst, som er ein ny setting innan tryggingsforsking kor såkalla ‘safety' og ‘security' er koppelet saman. Slik blir typen utvida risikokjelder frå teknologi og naturkrefter som tidlegare har vorte studert, til å inkludera menneske i ein setting der arbeid blir utøvd i nær kontakt med menneska som blir assosierte med risiko.

    Til slutt, empiriske djupnebeskrivingar av arbeid involverte i den daglege varetakinga av tryggleik ‘på golvet' er viktig i eit forskingsfelt kor abstrakte teoretiske omgrep og normativ, rasjonalistisk forsking har dominert. 

    Desse beskrivingane rettar merksemda mot korleis mangelfulle antakingar om operativt arbeid kan vera innebygde i organisatoriske og materielle strukturar, og som utilsikta kan forma situert praksis.

Kontakt

Laster inn ...