English version

Disputas: Ingvill Sørensen Drevland

Ingvill Sørensen Drevland forsvarer avhandlinga "Aktivitetane, relasjonane og settingane i kvardagslivet: Ein kvalitativ studie av helsefremmande arbeid retta mot ungdom si psykiske helse" for doktorgraden i helsevitskap.

Vurderingskomité:

Disputasleiar er professor Per Koren Solvang, OsloMet.

Hovudrettleiar er professor Karen Synne Groven, OsloMet. Medrettleiarar er førsteamanuensis Mona Asbjørnslett, OsloMet og professor Unni Sveen, OsloMet.

Samandrag av avhandlinga

Kva bidrar til at ungdom trivst, opplever meistring og handterer utfordringane i kvardagen? 

Denne avhandlinga undersøker kva som fremmar god psykisk helse i kvardagslivet til unge, med særleg vekt på aktivitetar, relasjonar og nærmiljø. Prosjektet bygger på djupneintervju med ungdom i alderen 13–16 år og fokusgruppeintervju med fagpersonar innan helsefremmande arbeid.

Funna viser at kvardagsaktivitetar – som idrett, kultur og rutinar heime og på skolen – fungerer som sentrale kjelder til struktur, meining og tilhøyrsel. Aktivitetane gir oppleving av meistring og glede, bidrar til kjensleregulering og restitusjon. Sosial støtte frå både vaksne og jamaldrande verkar vidare som avgjerande, og betydninga av tilgjengelege møteplassar som legg til rette for deltaking og relasjonsbygging blir løfta fram.

I avhandlinga blir det argumentert for at helsefremming skjer gjennom aktivitetar og relasjonar i kvardagslivet til unge, og at desse derfor bør vere kjerneelement i helsefremmande arbeid.

Prosjektet bidrar til å styrke kunnskapsgrunnlaget for kommunar, skolar, frivillige aktørar ved å rette fokus mot helsefremmande faktorar.