Les meir om disputasen på den engelske nettsida. Du kjem dit ved å klikka på "English version".
Samandrag
Denne avhandlinga tek for seg utfordringane sårbare grupper står overfor når det gjeld varig arbeid, og avgrensingane ved aktiv arbeidsmarknadspolitikk (ALMP) når det gjeld å forbetra desse utfalla. Avhandlinga introduserer eit analytisk rammeverk med mål om å gi forskarar og avgjerdstakarar innsikt i korleis ALMP kan tilpassast strukturelle forskjellar blant arbeidsgivarar og innverknaden deira på varig arbeid. Forskingsspørsmålet er: korleis kan eit integrert analytisk rammeverk bidra til å identifisera kombinasjonar av ALMP og kjenneteikn ved arbeidsgivar som bidreg til varig arbeid? Dette blir utforska gjennom tre empiriske studiar.
Dei undersøkjer effekten av inkluderingsdugnaden på arbeidsmarknadsdeltaking for personar med funksjonsnedsetjingar, korleis kjenneteikn ved arbeidsgivarar kan påverka sjansane for å bli verande i arbeid for personar med nedsett arbeidsevne, og dei mest relevante emna for varig arbeid og førekomsten av desse etter storleik på arbeidsgivar. Funna har implikasjonar for teori, metodikk og sosialpolitikk, og utfordrar "one-size-fits-all"- politikken som er sett i verk mellom anna i Noreg.