English version

Disputas: Kari Bergset

Kari Bergset disputerer for ph.d.-graden i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlingen "Foreldreskap i eksil. Ein sosiokulturell studie av forteljingar om foreldrepraksisar i kulturelt komplekse kontaktsoner. "

Kari Bergset er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet og forsvarer avhandlinga si i doktorgradsprogrammet sosialt arbeid og sosialpolitikk ved OsloMet – storbyuniversitetet. 

Prøveforelesning

Måndag, 16. desember 2019, kl. 10-10.45.
Tittel for prøveforelesning:  Hvordan kan dialogismen som menneske- og kunnskapssyn brukes i sosialt arbeid med familie og barn på individ- og systemnivåene?

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvare avhandlinga si måndag 16. desember 2019 kl. 12.00 - 15.00.

Komiteen

Leiar for disputasen

Hovudveileder

  • Samandrag

    Denne avhandlinga vil utvikle kunnskap om foreldre i eksil sine kvardagspraksisar og meiningsskaping om desse. Flyktningforeldre utgjer ein minoritet som er utsette for majoriteten si meining om deira praksisar, og studien rettar difor merksemda mot deira eigen meiningsskaping i kontekst. Foreldreskap er ofte tema i flyktningforeldre sine møte med velferdstenestene. Kunnskapen som studien produserer, er såleis relevant for dei profesjonelle i desse tenestene. Med utgangspunkt i eit sosiokulturelt perspektiv blir fylgjande overordna problemstilling undersøkt: Korleis blir foreldrepraksisar og forandring/utvikling av foreldrepraksisar i vertslandet snakka fram i flyktningforeldre sine forteljingar, og kva meining vert dei gjeve?

    Studien er basert på 27 forteljande intervju med 12 fedrar og 13 mødrer i 16 familiar som i intervjuperioden hadde budd i Noreg i om lag 10 år, og som hadde kome til landet som asylsøkarar, overføringsflyktningar eller familieforeina med desse. Familiane kom frå Afghanistan, Somalia og Irak, og var busette på nordvestlandet. I dei fleste familiane er foreldra intervjua saman. Intervjua var dels tilbakeskodande på tida som foreldre i Noreg, og dels livsformsintervju med dagen i går som utgangspunkt.

    Avhandlinga legg til grunn eit sosiokulturelt perspektiv på foreldreskap, og resultata av analysane blir presenterte i tre artiklar som reflekterer ei utvikling av teoretisk perspektiv gjennom arbeidet med prosjektet. Analysane som ligg til grunn for artikkel I er inspirererte av posisjoneringsteori, utvikla av mellom andre Davies & Harrè (1991). Analysane som blir presenterte i artikkel II og III legg til grunn ei sosiokulturell tilnærming til meiningsskaping, og er inspirerte av Bakhtin sin dialogisme. 

    Artikkel I tek utgangspunkt i barna i familiane som har tapt skulegang gjennom krig, flukt og midlertidige eksil, og korleis foreldra posisjonerer sin eigen innsats for barna sin skulegang når dei skal ta igjen det tapte i vertslandet. Analysane viser at foreldra posisjonerer seg sjølve som initiativtakarar og pådrivarar av kontakten med skulen, noko som skil seg frå det meste av tidlegare forsking om flyktningforeldre si involvering i barna sin skulegang, der dei ofte blir sett som passive og vanskelege å få tak i. Denne skilnaden blir forstått som eit resultat av metodologiske val som i tidlegare studiar kan ha gjort deler av foreldra sin innsats usynleg.

     Undervegs i prosjektet har omgrepsmessige tilbod frå studien blitt meir sentrale. Konteksten for foreldreskap i eksil blir forstått som kulturelt komplekse kontaktsoner der både mangfaldige lokale og transnasjonale impulsar blir tekne i bruk som inspirasjon til foreldrepraksisar. Dei kulturelt komplekse kontaktsonene blir avspegla i foreldra sin tale, som i artikkel II og III er analysert som fleirstemmig. Trådar frå fortid og notid, frå den mangfaldige diasporaen og heimlandet, frå lokale og digitale kontaktflater vev seg inn i den meining foreldrepraksisar får i foreldra si tale. I tråd med Bakhtin (2003) si forståing av det fleirstemmige, er både stemmer som støttar kvarandre og stemmer som motseier kvarandre analysert fram i den enkelte av foreldra sin tale. I artikkel II er desse analysane eksemplifisert ved eit mangfald av ulike mors- og fars- stemmer analysert fram i dialogane med eit foreldrepar. 

    Artikkel III ser på forandring og utvikling av foreldrepraksisar som blir fortalt fram i intervjua. Akkulturasjon er eit vanleg omgrep for å skildre forandring etter migrasjon, forstått som tilpassing til det nye landet. Analysane av forandringsforteljingane i denne studien ber meir preg av at foreldra tilpassar seg globale, kulturelt komplekse kontaktsoner. Kjelder for endring og utvikling av praksisar er henta både lokalt og transnasjonalt. Dikotomiske forståingar av motsetningar mellom oppsedingsverdiar i vesten og «resten» blir overskridne i analysane. På bakgrunn av dette blir endring og utvikling analysert som verdiformingsprosessar (Bachtin 2003) framfor som akkulturasjon. Framande praksisar og forståingar blir testa ut, kjempa imot, selektivt tileigna og fletta saman med forståingar ein allereie har, i ein prosess som ikkje tek slutt, og som undervegs produserer forandring analysert som innovasjon av foreldrepraksisar. I denne prosessen inngår foreldra sine observasjonar av andre foreldre og profesjonelle sine praksisar med barn som ei sentral kjelde for forandringane. At foreldra er busette i små lokalsamfunn med nær kontakt til majoritetsfamiliar, blir forstått som forsterkande på dette fenomenet. 

    Avhandlinga sitt kunnskapstilbod til sosialt arbeid og sosialpolitikk omfattar både tilstandsbilete og forståingsmåtar. Dei bakhtinske omgrepa som er nytta, er lite kjende i sosialt arbeid og migrasjonsforsking, og kan såleis vere nye forståingstilbod til begge felta.