English version

Disputas: Karoline Stray

Karoline Stray forsvarer avhandlinga "Koordinert omsorg for heimebuande eldre med multimorbiditet: å vareta samanheng i tenestetilbodet" for doktorgraden i helsevitskap.

Vurderingskomité:

Disputasleiar er førsteamanuensis Dag Karterud, OsloMet.

Hovudrettleiar er professor Asta Bye, OsloMet. Medrettleiarar er professor Jonas Debesay, OsloMet og førsteamanuensis Torunn Wibe, Lovisenberg diakonale høgskole.

Samandrag av avhandlinga

Eldre med fleire helseplager møter ofte mange ulike fagpersonar. Då kan tenestene lett verke oppstykka og uoversiktlege. I denne ph.d.-avhandlinga ser eg nærmare på koordinering i heimetenesta – og kva som kan gjere at omsorga opplevast som meir heilskapleg.

Avhandlinga bygger på fire delstudiar: I den første identifiserte eldre, pårørande og helsepersonell kva kunnskapshol som finst om koordinering av tenester i heimen.

I den andre gjekk eg systematisk gjennom elleve studiar om eldre og heilskaplege tenester. I den tredje og fjerde delstudien intervjua og observerte eg til saman 30 tilsette i heimetenesta for å sjå korleis dei samarbeider i kvardagen.

Funn

Funna viser at samanhengande hjelp oppstår når kommunikasjon på tvers av faggrupper blir prioritert i det daglege. Når helsepersonell avklarer mål og behov seg imellom på førehand, opplevast omsorga som heilskapleg.

Manglar denne kommunikasjonen, blir den daglege samhandlinga mellom faggrupper ofte avgrensa. Kvaliteten på koordineringa avheng både av tillitsfulle relasjonar og av korleis tenestene blir organiserte – noko som opnar for open dialog, felles refleksjon og delte avgjerder.

Avhandlinga løftar også fram ei grunnleggande spenning: behovet for individuelt tilpassa omsorg møter styringslogikkar som reglar, rapporteringskrav og finansiering. Denne spenninga kan påverke kven som faktisk får tilgang til styrkt tverrprofesjonell koordinering.

Derfor peikar avhandlinga på praktiske grep som kan gjere ein forskjell i kvardagen: ein tydeleg koordinator tett på pasienten, korte og fleksible møte utløyste av klinisk behov, journalsystem som snakkar saman og korte pasientforteljingar som gir rask felles forståing.

Slik kan fleire eldre møte éi heilskapleg teneste – sjølv når fleire fagpersonar er involverte.