- 10.00: Prøveforelesing
- 12.00: Disputas
Vurderingskomité:
- førsteopponent: professor Stefan Hansson, Lunds universitet
- andreopponent: professor Eline Skirnisdottir Vik, Høgskulen på Vestlandet
- leiar av komiteen: førsteamanuensis Marianne Morseth, OsloMet
Disputasleiar er førsteamanuensis Rebecka Dalbye, OsloMet.
Hovudrettleiar er professor Mirjam Lukasse, OsloMet. Medrettleiarar er professor Stine Bernitz, OsloMet og professor II Ingvil Krarup Sørbye, Universitetet i Oslo.
Samandrag av avhandlinga
Igangsetjing av fødsel har auka mykje dei siste to tiåra, og gjeld no nesten 30 prosent av fødslane i Noreg. Samtidig er det eit aukande fokus på kvinnesentrert omsorg, brukarinvolvering og betydninga av ei positiv fødselsoppleving.
For å møta desse endringane har det vorte foreslått at friske kvinner med ukompliserte svangerskap kan behandlast poliklinisk med tablettar dersom fødselen skal setjast i gang. Dette inneber at dei kan vera heime under igangsetjinga for så å komma til fødeavdelinga når fødselen er i gang.
Målet med Lino-prosjektet (Labor Induction INpatient and Outpatient) var å undersøkja om dette kan gjerast på ein trygg og gjennomførbar måte i Noreg. I tillegg ønskte me å finna ut kva som er viktig for kvinner under igangsetjing av fødsel, anten dei er heime eller på sjukehus.
Metodar
Prosjektet inkluderte eit forstudium og tre hovudstudiar. Me starta med å identifisera kunnskapshol og prioritera forsking basert på behovet til brukarane.
Deretter vurderte me poliklinisk igangsetjing av fødsel gjennom både historiske data og kliniske studiar, der kvinnene valde mellom poliklinisk behandling og sjukehusinnlegging. Me utforska også kvinner sine refleksjonar under igangsetjinga av fødselen.
Resultat
Studiene viste at poliklinisk igangsetjing av fødsel med tablettar er gjennomførbart og at alvorlege komplikasjonar er sjeldne. Kvinner som valde poliklinisk igangsetjing hadde kortare sjukehusopphald før fødsel.
Kvinner beskreiv behov for medisinsk og emosjonell tryggleik, og ønskt støtte både frå helsepersonell og partnaren sin. Nokon føretrekte å vera heime, andre ville helst vera på sjukehuset.
Konklusjonar
Poliklinisk igangsetjing av fødsel med tablettar ser ut til å vera gjennomførbart. Me fann ikkje haldepunkt for at det er medisinsk utrygt for kvinner og foster med låg risiko for komplikasjonar.
Ein del kvinner ønskjer eit slikt tilbod, medan andre kjenner seg tryggast på sjukehus. Vidare forsking er nødvendig for å stadfesta desse funna, og ei kvinnesentrert tilnærming med klare kriterium og god oppfølging er essensielt for å sikra kvaliteten på omsorga.