English version

Disputas: Knut Ivar Bjørlykhaug

Knut Ivar Bjørlykhaug disputerer for ph.d.-grada i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Sosial støtte i individualismens tidsalder -ein kvalitativ studie om erfaringar og forhold som fremjar og hemjar sosial støtte i psykisk helsearbeid."

Prøveforelesning

Prøveforelesning:  kl. 10.00 -10.45
Tittel på prøveforelesning blir annonsert 14 dagar før disputasen

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00 

Komiteen

Førsteopponent: Professor Lena Wicklund Gustin, Mälardalens högskola
Andreopponent:  Førsteamanuensis Børge Baklien, Høgskolen i Innlandet
Leiar av komiteen: Professor Kjetil  A. van der Wel, OsloMet – storbyuniversitetet

Leiar for disputasen

Dekan Oddgeir Osland,  Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet

Veiledere

Hovudveileder: Professor Bengt-Eirik Karlsson, Universitet i Sørøst-Norge
Medveileder: Professor Halvard Vike, Universitet i Sørøst-Norge
Medveileder: Førsteamanuensis Lise Cecilie Kleppe, OsloMet – storbyuniversitetet

  • Samandrag av avhandlinga

    Bakgrunn
    Vi veit at sosial støtte er viktig og avgjerande i liva våre. Spesielt viktig er denne støtta når livet er på sitt mest utfordrande, og når vi erfarer psykiske helsevanskar. Eit mangfald av forsking er tydeleg på samanhengane mellom sosial støtte og psykisk helse – dess mindre sosial støtte, dess dårlegare helse, og vice versa. Difor ønska vi å utforske erfaringar og forhold knytt til kva som kan fremja og hemja sosial støtte, i arbeidet med psykisk helse. Studien blei utvikla i samarbeid med folk som har eigenerfaring med psykiske helsevanskar.

    Hensikta med studien
    Denne studien søker først og fremst å utforske erfaringar og forhold som kan fremja og hemje sosial støtte, sett frå brukarar, tilsette og frivillige sine perspektiv. Vidare er hensikta å løfte fram korleis støtte skjer, samt politiske og strukturelle forhold som påverkar sosial støtte. Konteksten i forskinga er kommunale psykiske helsetenester i ulike bydelar i Oslo. 

    Metodologi
    Studien er tufta på samarbeidsbasert metodologi, og har ei kvalitativ orientering. Avhandlingsarbeidet er vidare inspirert av fenomenologiske og hermeneutiske filosofiar. Metodar for dataskaping har vore fokusgruppeintervju og deltakande observasjon. I analyseprosessen har vi nytta tematisk analyse, etnografisk fortolking og poesi som analysemetode og verktøy.
     
    Funn
    Funna i studien er presentert i tre artiklar. Den første artikkelen er ei systematisk kunnskapsutforsking av samanhengar mellom sosial støtte, psykisk helse og betringsprosessar. Den andre artikkelen presenterer domenediskusjonar knytt til deltakarane sine perspektiv om kva som kan fremja og hemja sosial støtte. Funna i artikkel to er løfta fram i følgjande tema: (1) kvaliteten og sårbarheita knytt til sosial støtte (a) levd erfaring, gjensidigheit og forståing b) «ghosting» og skam (2) forhold som fremjar sosial støtte (a) stabile miljø og rom for mangfald (b) sosial rytme og helande ritual (3) forhold som hemjar sosial støtte (a) økonomiske barrierar og (b) sosiale utfordringar i samtidskulturen. Studiens tredje artikkel utforskar vidare, ved hjelp av poetisk analyse og formidling, forhold som kan fremja og hemje sosial støtte. Denne studien løftar fram funn i to poetiske hovud-vers, basert i både fokusgrupper og deltakande observasjon: (1) det som blomstrar og (2) det som visnar. Funna i den siste artikkelen går djupare inn i fenomenet sosial støtte, og gir ein annan inngang til levekår, støtte og psykisk helse. Funna og dikta løftar fram kva betyding estetikk, økonomi, haldningar og strukturelle forhold har for sosial støtte og psykisk helse.

    Konklusjon
    Funna i denne studien peiker mot at tenestene må utvikle stabile møteplassar som kan tilby sosial rytme, omsorg og utviding av sosiale nettverk. Den estetiske utforminga av stadene er viktig. Erfaringskunnskap, og tilsette og frivillige som òg har erfaring med psykiske helsevanskar, kan vere fremjande for sosial støtte. Stigma knytt til psykiatriske diagnosar og pengeproblem er ei barriere for opplevinga av sosial støtte, trass i ein større openheitskultur. Ein kultur prega av overdriven individualisme kan òg utgjere ei barriere for å utvikle støttande fellesskap, og tenester prega av omsorg. Ein politikk som i større grad hjelper folk med samansette psykiske helsevanskar ut av fattigdom, er avgjerande for folk sine betringsprosessar. For å fremje psykisk helse, treng vi heilt konkret ein betre omfordelingspolitikk og ein sosialpolitikk som innrettar tiltak for sosial støtte på fleire nivå; kjenslemessig, bekreftande, informativt og instrumentelt.