- 10.00: Prøveforelesing
- 12.00: Disputas
Vurderingskomité:
- førsteopponent: professor adjungerad Stefan Bergman, Gøteborgs universitet, Sverige
- andreopponent: professor Hilde Stendal Robinson, Universitetet i Oslo
- leiar av komiteen: førsteamanuensis Brita Stanghelle, OsloMet
Disputasleiar er førsteamanuensis Slawomir Donat Wojniusz, OsloMet.
Hovudrettleiar er forskar, ph.d. Karin Magnusson, Folkehelseinstituttet. Medrettleiarar er førsteamanuensis Marianne Bakke Johnsen, OsloMet og professor Kjersti Storheim, OsloMet.
Samandrag av avhandlinga
Rygg- og nakkeplager er blant dei vanlegaste årsakene til funksjonsnedsetting og legg eit stort press på helsetenestene. Ein relativt liten del pasientar står for ein uforholdsmessig stor del av helsetenestebruk.
For pasientar som blir følgde opp i spesialisthelsetenesta, og som ofte har komplekse tilstandar og omfattande behov, er det viktig å forstå korleis helsetenestene blir brukte. Denne innsikta er nødvendig for å kunne tilby betre behandling og sikre ein meir effektiv bruk av ressursane.
Dette doktorgradsprosjektet har undersøkt korleis pasientar tilvist til spesialisthelsetenesta for rygg- og/eller nakkeplager nyttar helsetenester, kor godt dei følgjer spesialistars oppfordringar, og kva faktorar som heng saman med manglande betring.
Avhandlinga beskriv også utviklinga av ein prediksjonsmodell med mål om å identifisere pasientar med høgare risiko for høgt helsetenestebruk.
Metode
Ved å bruke data frå Norsk nakke- og ryggregister (NNRR), kopla med offentlege helseregister, viser resultata at pasientar med samtidige rygg- og nakkeplager i mindre grad følgjer spesialistoppfordringar enn dei med plager i berre eitt område. Dei oppsøker også fastlegar og fysioterapeutar oftare dei to første åra etter spesialistvurderinga.
Seks månader etter første besøk hos spesialist rapporterte 80 prosent av pasientane at dei ikkje hadde blitt betre, og det å følgje spesialistoppfordringane såg ikkje ut til å gi betre resultat. Pasientar som ikkje oppsøkte behandling, eller berre fekk behandling i primærhelsetenesta, hadde lågast sannsyn for å bli betre.
Funn
Prediksjonsmodellen som blei utvikla for å identifisere pasientar med høg risiko for høgt helsetenestebruk, viste gode resultat i testar på både norske og danske pasientar, men må testast vidare i klinisk praksis før det kan takast i bruk.
Desse resultata gir verdifull innsikt i utfordringane ved behandling av pasientar med rygg- og nakkeplager i spesialisthelsetenesta. Funna peikar på behovet for meir individuelt tilpassa behandling, særleg for pasientar med både rygg- og nakkesmerter, som ofte har meir samansette behov.
Med betre planlegging og koordinering, skreddarsydde behandlingsforløp og verktøy for å identifisere pasientar med høgt ressursbehov, kan helsetenestene både forbetre pasientresultat og bruke ressursane meir effektivt.