English version

Disputas: Maja Flåto

Maja Flåto disputerer for ph.d.-grada i sosialt arbeid og sosialpolitikk.

Tittel på prøveforelesing: «Korleis kunne ei alternativ kunnskapsinnhenting i utforming av norsk bustadløysepolitikk sjå ut?»

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00 
Tittel på avhandling: "Kunnskap, politikk, og praksis - Styring av heimløysa i Noreg".

Komiteen

Leiar for disputasen

Dekan Oddgeir Osland,  Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet

Veiledere

Samandrag av avhandlinga

Denne avhandlinga handlar om korleis kunnskap, strategi og styring er kopla saman i dagens kunnskapssamfunn, med bustadsløyse i Norge som case. Studien fokuserer på korleis omgrepet bustadsløyse  vart introdusert i 1996, og korleis fenomenet er forstått og utvikla i forsking, politikk og styringspraksisar fram til i dag. Bustadsløyse  er eit komplekst problem som involverer mange ulike utfordringar, men omgrepet reduserer desse til å handle om éin ting, nemleg mangel på bustad.

Avhandlinga består av tre artiklar. Artikkel 1 belys korleis bustadsløyse  vart konstruert som eit område for kunnskapsutvikling, politikk og praksis. Artikkel 2 diskuterer korleis ulike sektorar i offentleg forvaltning, som er involvert i politikk og praksisutvikling knytt til bustadsløyse , forstår og nærmar seg problemet. Artikkel 3 er ein analyse av den gjeldande strategien for sosial bustadpolitikk: Alle treng eit trygt heim (2021-2024).

Resultata viser at bustadsløyse framstår som eit smalt kunnskaps- og politikkområde, som manglar breiare tilknyting til fag og ekspertise i alle dei involverte sektorane og innsikt i livet til dei som opplever bustadsløyse. Diskursen har ikkje utvikla seg nemneverdig sidan den vart etablert i 2000. Problemet med bustadsløyse blir handtert som eit problem som handlar om bustad, og knyter forvaltinga av kunnskap og politikk til eit bustadpolitisk felt der marknadsrasjonalitet og eit økonomisk språk dominerer. Dette framstår som eit paradoks, sidan personar som opplever heimløyse nettopp ikkje deltek i marknaden, men lever i utkanten av samfunnets normalitet.