English version

Disputas: Merete Chatrin Rekdahl

Merete Chatrin Rekdahl forsvarer avhandlinga si med tittel: Skoleleiing som bidrag til å styrke samarbeid mellom skole og arbeidsliv i yrkesfagutdanninga - ein norsk casestudie.

Tittel på prøveforelesinga: Makt og tillit i samarbeid. En analyse av distribuert ledelse og profesjonelt skjønn i yrkesfagets grenseflater.

Tittel på avhandlinga: Skoleleiing som bidrag til å styrke samarbeid mellom skole og arbeidsliv i yrkesfagutdanninga - ein norsk casestudie.

Vurderingskomitéen består av

Disputasleiar er prodekan for utdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, Finn Aarsæther.

Hovudrettleiar er professor Brit Bolken Ballangrud, OsloMet. Medrettleiarar er Jan Merok Paulsen, tidlegare professor ved OsloMet.

Samandrag

Avhandlinga undersøker korleis skoleleiing kan bidra til å styrke samarbeidet mellom skole og arbeidsliv i norsk yrkesfagleg utdanning.

2+2-modellen (to år i skole og to år i lære) og faget yrkesfagleg fordjuping (YFF), som først og fremst blir gjennomført i bedrift i skoletida, gjer at samarbeidet må vere tett og koordinert for å sikre gjennomføring og kvalitet.

Det finst lite forsking på skoleleiing i yrkesfag, og avhandlinga bidrar med ny kunnskap til feltet.

Studien er ein casestudie av éin skole med skoleeigar og samarbeidspartnarar, forankra i eit sosiokulturelt perspektiv og kvalitative analysar av leiingspraksis. Funna peikar på tre område: leiing på tvers av nivå (intern koordinering og eksternt samarbeid), tydeleg organisering og systematikk, og distribuert leiing som utviklar kjernepraksisar og varetar eigenarta til yrkesfaga.

Avhandlinga konkluderer med at distribuert leiing er sentralt for å styrke relevans og kvalitet, og anbefaler meir forsking på skoleleiing i yrkesfagleg utdanning.

Kontakt

Kontakt ph.d.-administrasjonen via e-post