English version

Disputas: Merete Tunestveit

Merete Tunestveit disputerer for ph.d.-grada i sosialt arbeid og sosialpolitikk med avhandlinga "Mellom praksis og forsking -forskingssirkel til utvikling av kunnskap og praksis for barn sin medverknad i barnevernet.»

Zoom lenke

Disputasen blir også strømmet.
Zoomlenke til prøveforelesning og disputas (oslomet.zoom.us)
Webinar ID: 624 7847 2552
Passcode: 281021 

Prøveforelesning

Prøveforelesning:  kl. 10.00 -10.45
Tittel på prøveforelesning: Diskuter mulige problematiske sider ved barn og unges medverkning i barnevernet, sett opp mot prinsippet om «barnets beste».

Disputas

Doktoranden vil offentleg forsvara avhandlinga kl. 12.00 

Komiteen

Leiar for disputasen

Dekan Oddgeir Osland,  Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet – storbyuniversitetet

Veiledere

  • Samandrag av avhandlinga

    Avhandlinga gir kunnskap om mogelegheiter og utfordringar med individuell og kollektiv medverknad for barn og unge i barnevernet. Kunnskapen har blitt utvikla i samarbeid med praksisfeltet ved å nytte forskingssirkel som forskingsstrategi. Forskingssirkel er ein samarbeids- og forskingsstrategi i tråd med aksjonsforskingstradisjonen, og doktorgradsprosjektet representerer slik ei kopling mellom praksisfelt og forsking. Målet med studien har vore å betre praksisen for barn og unge sin medverknad i barnevernet, men òg å generere kunnskap om forskingssirkel som samarbeidsform og forskingsstrategi.

    Problemstillinga som vert utforska er: Kva er mogelegheiter og utfordringar for barn sin medverknad i barnevernet.

    Deltakarar i forskingssirkelen om barn sin medverknad var to tilsette frå kvar av tre (opphaveleg fire) barneverntenester, og to forskarar frå Institutt for Velferd og Deltaking (IVD) ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Data frå forskingssirkelen er ein del av det empiriske materialet i prosjektet. I tilknyting til forskingssirkelen er det produsert datamateriale frå intervju med deltakarane og frå dialogkonferansar med ungdomar. I tillegg har eg gjort 13 individuelle intervju med unge med erfaring frå kontakt med barnevernet. Forskingssirkelen varte halvanna år og det vart gjennomført tre to-dagars seminar og ni møter à fem timar.

    Avhandlinga legg til grunn eit breitt teoretisk perspektiv på barn sin medverknad. Dei teoretiske perspektiva representerer ulike tilnærmingar til tema, og har ulike funksjonar i dei tre artiklane som avhandlinga er bygd opp kring.

    Artikkel I tar utgangspunkt i diskusjonane i forskingssirkelen, då vi skulle finne ut korleis unge med erfaring frå barnevernet kunne vere deltakarar i forskingssirkelen. Det viste seg etter kvart at deltakarane frå barnevernet ikkje ynskte at unge skulle vere direkte med i prosjektet. Eit sentralt funn i denne artikkelen er at barnevernarbeidarane inntok ein proteksjonistisk og paternalistisk ståstad der vernet av barnet vart det rådande, og deltaking vart hindra.

    I artikkel II studerer eg forskingssirkelen som strategi for utvikling av kunnskap. Hovudkonklusjonen i artikkelen er at forskingssirkelmodellen tilbyr ein struktur og ein arbeidsform som kan bidra til utvikling og ny forståing, og skape grunnlag for å endre praksis. I tillegg til å diskutere kva det var med forskingssirkelen som medførte endringar, viser eg kva faktiske endringar barneverntenestene gjorde i praksisen sin i laupet av prosjektperioden. Endringane bestod av nytt samtalerom, samtalekoffert, samt utbetra og nye rutinar og metodar for barn sin medverknad i barnevernet. I tillegg formidla deltakarane frå barnevernet at dei opplevde eit styrka frimod til å hevde og ivareta barn sin medverknad både innan eigen arbeidsplass og i høve samarbeidspartar.

    Som tidlegare forsking har vist, opplever mange barn og unge det som vanskeleg å få medverke i barnevernet  (Dillon et al., 2015; Heimer et al., 2018; Jensen et al., 2014; Pölkki et al., 2012). Artikkel III viser at dei unge informantane òg i denne studien, har erfart vanskar med å samarbeide med barnevernet. Fleirparten av dei eg har intervjua, oppfattar barnevernet som ein upersonleg instans som gir kjensle av avmakt, og som i liten grad fremjar deltaking. Dei unge som fortel om ein god relasjon til barnevernarbeidaren fortel òg om deltaking i samarbeid med barnevernet.

    Samla sett viser avhandlinga at barn og unge gjerne vil delta både individuelt og kollektivt i barnevernet. Dei unge informantane skulle ynskje dei hadde vore meir informert og involvert i avgjerder som fekk stor betydning for livet deira. Motivasjonen for å delta kollektivt er at dei finn det meiningsfullt å påverke og utvikle barnevernet slik at andre skal kunne oppleve betre tenester enn dei sjølv har gjort. Dei unge legg òg vekt på at kollektiv deltaking ville ha kunna tilby eit viktig fellesskap med andre med liknande erfaring.

    Barnevernet på si side strevar med eit proteksjonistisk syn på barn, og strukturelle og organisatoriske utfordringar, som bidrar til å hindre barnevernsarbeidarane i å utøve ei profesjonell rolle som tilgodeser det aktive barnet som både individuell og kollektiv deltakar. For barn og unge fører det til konsekvensar som gjer det vanskeleg å medverke i eiga sak, å dele erfaringane sine, og å gje råd til barnevernet. Den kollektive deltakingsforma framstår som eit nytt og framand oppdrag for barnevernet. Den tilbakehaldne innstillinga barnevernsarbeidarane i denne studien viste, kan slik handle om å mangle kunnskap og erfaring med kollektiv deltaking. Det kan òg handle om manglande erfaring med den individuelle deltakinga.

    Barnevernet treng erfaring med at barn og unge får delta i barnevernet under deltakingsfremjande tilhøve. Dei treng òg å ta inn over seg den relasjonelle vendinga i deltakingsomgrepet, og tilby barn og unge som skal delta ein trygg relasjon der dei kan få hjelp til å uttrykkje meininga si.  
    Forskingssirkel kan bidra til å utvikle kunnskap om deltaking i barnevernet, og fungere som eit utforskande og støttande verktøy for betre praksis for både individuell og kollektiv deltaking.