English version

Disputas: Niklas Karlsen

Niklas Karlsen forsvarer avhandlinga si for doktorgraden i utdanningsvitskap for lærarutdanning.

Du kan og se arrangementet digitalt (oslomet.zoom.us). Webinar ID er 658 7284 4279 og passord er 2025.

Tittel på avhandlinga er "Developing pre-service teachers’ knowledge about programming in science education – a TPACK perspective".

Vurderingskomiteen består av

Disputasleiar er Finn Aarsæther, førsteamanuensis og prodekan for utdanning, Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium, OsloMet. 

Hovudrettleiar er professor Ellen Karoline Henriksen, Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, UiO. Medrettleiar er førsteamanuensis Katarina Pajchel, GFU, OsloMet.

Samandrag

Programmering blei ein del av læreplanen i naturfag i 2020. Lærarutdanninga må no difor utvikle både lærarstudentane sine kunnskapar om programmering og korleis det kan integrerast i naturfag.

Avhandlinga bruker TPACK som eit teoretisk rammeverk for å beskrive denne lærarkunnskapen. Design-basera forskingsmetodar blei brukt til å utvikle eit undervisningsopplegg om programmerbare simuleringar i naturfagundervisninga. Designarbeidet blei støtta gjennom utviklinga av eit spørjeskjema som måler lærarstudentane sin TPACK og ein kartlegging av norske lærarstudentar sin TPACK.

Hovudresultata i avhandlinga peiker på at lærarstudentar treng meir kunnskap om programmering og korleis det kan integrerast med naturfagleg innhald. 

For å utvikle slik kunnskap bør lærarstudentane få oppleve meiningsfulle eksempel på korleis programmering kan kombinerast med naturfagleg innhald. Desse eksempla bør kombinerast med bruke-endre-skape tilnærminga for å støtte lærarstudentar som har begrensa erfaring med programmering. 

Det viktigaste for å utvikle TPACK er at lærarstudentane får mogelegheit til å integrere programmering i naturfagundervisninga si gjennom sjølv å utvikle materiell til undervisninga.

Kontakt

Kontakt ph.d.-administrasjonen via e-post