- 10.00: Prøveforelesing
- 12.00: Disputas
Vurderingskomité:
- førsteopponent: forskar, MD, ph.d. Lena Sandin Wranker, Lunds universitet, Sverige
- andreopponent: seksjonsoverlege, ph.d. Bernhard Flatøy, Diakonhjemmet sjukehus
- leiar av komiteen: førsteamanuensis Slawomir Donat Wojniusz, OsloMet
Disputasleiar er førsteamanuensis Brita Stanghelle, OsloMet.
Hovudrettleiar er førsteamanuensis Gunvor Hilde, OsloMet. Medrettleiarar er professor May Arna Godaker Risberg, Noregs idrettshøgskole og fungerande avdelingsdirektør, ph.d. Bjørn Heine Strand, Folkehelseinstituttet.
Last ned avhandlinge (nva.sikt.no).
Samandrag av avhandlinga
Når vi blir eldre, mistar vi gradvis styrke, balanse og mobilitet. For mange påverkar dette kvardagen: det blir tyngre å gå i trapper, vanskelegare å reise seg frå ein stol, og det krev meir å halde seg i aktivitet.
I tillegg blir mange eldre ramma av artrose. I nokre tilfelle blir plagene så store at det er behov for hofteproteseoperasjon. I Noreg blir det gjennomført over 10 000 slike inngrep kvart år, og dei fleste blir fornøgde etter operasjon.
Tre hovudspørsmål
I doktorgradsprosjektet mitt har eg undersøkt tre hovudspørsmål:
- Kva blir rekna som normal gangfunksjon og gripestyrke hos vaksne?
- Korleis blir gangfunksjon og gripestyrke påverka av alder og sjukdom?
- Kan målretta trening før hofteoperasjon gjere at ein kjem seg raskare etter operasjonen?
For å finne svar på spørsmåla analyserte vi data frå Tromsøundersøkelsen, som er ei stor helseundersøking i Noreg. Totalt fullførte 5 400 eldre personar testen «Timed Up and Go», som måler balanse, gangfart og generell funksjonsevne.
I ein annan studie brukte vi mål av gripestyrken hos over 7 800 personar, og så korleis gripestyrke varierte med alder, kjønn, sjukdom og høgde. Desse målingane er viktige indikatorar på fysisk funksjon og generell helse.
Vi fann at både gangfunksjon og gripestyrke blir svekt betydeleg etter fylte 65 år. Eldre med artrose eller andre kroniske sjukdommar hadde dårlegare funksjon samanlikna med friskare jamaldrande.
Basert på funna utvikla vi oppdaterte norske referanseverdiar for Timed Up and Go-testen og gripestyrke. Desse kan hjelpe helsepersonell med å vurdere om ein eldre persons fysiske funksjon ligg innanfor det som er normalt, og identifisere dei som kan ha nytte av helsetenester.
Vi gjennomførte også ein klinisk studie med 98 deltakarar over 70 år som skulle opererast for hofteleddartrose. Halvparten gjennomførte eit rettleidd treningsprogram før operasjonen. Den andre halvparten fekk vanleg oppfølging. Vi målte fysisk funksjon og andre utfall både før operasjonen og på fleire tidspunkt i løpet av det første året etter operasjon.
Resultat
Resultata viste at dei som trena hadde betre gangfart og livskvalitet før operasjonen, men etter operasjon var det ingen forskjell mellom gruppene.
Mange fekk tilbake fysisk funksjon som var samanliknbar med friske eldre.