- 10.00: Prøveforelesing
- 12.00: Disputas
Vurderingskomité:
- førsteopponent: professor Richard Palmqvist, Umeå universitet, Sverige
- andreopponent: senioringeniør, ph.d. Renate Slind Olsen, Universitetet i Oslo, Norge
- leiar av komiteen: professor Mari Charlotte Wik Myhrstad, OsloMet
Disputasleiar er førsteamanuensis Ole Herman Ambur, OsloMet.
Hovudrettleiar er førsteamanuensis Hege Smith Tunsjø, OsloMet. Medrettleiarar er ph.d. Vahid Bemanian, Akershus universitetssjukehus og ph.d. Per Christian Sæther, Akershus universitetssjukehus.
Samandrag av avhandlinga
Kreft i tjukktarm og endetarm er ei av dei vanlegaste kreftformene i Noreg. Dersom sjukdommen blir seint oppdaga, blir femårs-overlevinga redusert med opptil 85 prosent.
I dag er det innført screening for alle som fyller 55 år, men dei noverande metodane har avgrensingar. Koloskopi er nøyaktig, men invasiv og ressurskrevjande, mens avføringstestar (FIT) er enklare, men har lågare treffsikkerheit for tidlege forandringar.
Det er derfor behov for nye, meir presise og ikkje-invasive biomarkørar. I dette doktorgradsprosjektet blei det undersøkt om mRNA frå immungen kan brukast som slike biomarkørar.
Forskargruppa analyserte 579 immungen i tarmkreftvev og fann at fleire betennelsesrelaterte gen, som IL6, IL8, CXCL1, CXCL2 og PTGS2, var tydeleg oppregulert i svulstvev samanlikna med friskt vev.
Fleire av dei same gena blei også påviste i forstadium til kreft (polyppar), noko som tyder på at immunaktivering kan skje tidleg i sjukdomsprosessen.
Studien viste også at bakterien Fusobacterium, særleg F. animalis, ofte førekjem i svulstar med høg betennelsesaktivitet og kan påverke genuttrykket i mikromiljøet til tumoren.
I avføringsprøver blei RNA frå fleire av dei same immungena påviste, med høgare nivå hos personar med kreft enn hos friske. Dette viser at immungen i avføring kan gi verdifull informasjon om tilstanden i tarmen og har potensial som eit nytt, ikkje-invasivt verktøy for tidleg oppdaging av tarmkreft.