Kreativitet blir ofte framheva som ein kjernekompetanse i det moderne, digitaliserte samfunnet, på tvers av sektorar og profesjonar. Kvifor kan feltarbeid vera spesielt godt eigna til å undersøkja kreativitet? Og kva potensial kan etnografi ha for utvikling av kreative forskingsmetodar?
I dette metodeforumet presenterer Ingrid M. Tolstad innsikter frå eigne feltarbeid i ein ulike delar av kunst- og kulturfeltet, og argumenterer for kvifor etnografi er eit spesielt godt metodisk verktøy for å undersøkja kreative prosessar.
Ho gir også innblikk i korleis den etnografiske verktøykassa kan vera eit nyttig utgangspunkt for kreativ utforsking og utforming av nye metodiske framgangsmåtar.
Om innleiar
Ingrid M. Tolstad er førsteamanuensis i kulturleiing ved Handelshøyskolen på OsloMet. Ho er antropolog med PhD i musikkvitskap frå UiO, og forskar på kreative prosessar, kvalitet, talentutvikling og digitalisering i ulike delar av kunst- og kulturfeltet.