LUI-Lab: Når krigen i Gaza utfordrar dei akademiske rollene våre – ubehaget som ressurs

Korleis forheld vi oss – som institusjon, akademikarar og undervisarar – til folkerettsbrot mot palestinarar? Kva ansvar har vi, og kva rolle bør vi ta?

I boka Dei undertryktes pedagogikk argumenterer Paulo Freire for at det ikkje finst noko som heiter nøytral utdanning – at utdanning alltid er politisk.

I årets siste LUI-Lab vil Hege Hermansen, professor ved Senter for profesjonsforskning ved OsloMet, og Emad Al-Rozzi, universitetslektor på Institutt for barnehagelærerutdanning (BLU), dele erfaringar og tankar om korleis vi som utdanningsinstitusjon kan forhalde oss til folkerettsbrota i Palestina. Vi vil få innsyn i kva som har blitt gjort dei to siste åra frå UH-sektoren og aktuelle tiltak/initiativ.

I andre del av seminaret vil Brita Phuthi (Institutt for internasjonale studiar og tolkeutdanning, IST), Cecilie Thun (BLU) og Emad Al-Rozzi (BLU) dele eksempel på korleis ubehag kan vere ein ressurs i undervisninga.

Deretter inviterer vi deltakarane til å reflektere over dette i grupper saman med oss.

Seminaret blir leidd av Mette Tollefsrud (BLU) og Brita Phuthi (IST).

Om OsloMet si innsats: Krafttak for palestinsk høgare utdanning (khrono.no)

Innleiarar

Laster inn ...

Kontakt

Laster inn ...