På denne LUI-laben møte vi redaktørane Audrey Osler og Beate Goldschmidt-Gjerløw som presenterer boka si «Nordic Perspectives on Human Rights Education: Research and Practice».
Forfattarane inviterer til ei samtale om korleis lærarar i både barnehagen og skole kan anerkjenne menneskerettsbrot også her på norsk heimebane og vere menneskerettsforkjemparane til barn og unge.
Boka lagar ei skisse til eit rammeverk for å gi lærarar høve til å navigere etisk i spørsmål om kjønn, nasjonal identitet, rasisme og minoritetsrettar, og gir blant anna innspel til dei som utviklar opplæringsressursar.
Program
- Audrey Osler innleier: Kvifor er menneskerettsopplæring særleg aktuelt for lærarutdanningane i dag?
- Beate Goldschmidt-Gjerløw presenterer boka
- Presentasjon av kapittelbidrag ved Marta Stachurska-Kounta, førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg: Nordens involvering i det koloniale prosjektet og betydninga for menneskerettsopplæring
- Samtale i plenum
Om LUI-lab
LUI-Lab er ein møteplass for å dele kompetanse, kunnskap og tankar om tema som spenner på tvers av fagområda på fakultetet for lærarutdanning og internasjonale studiar (LUI) og inspirere tilsette til engasjerande samtaler og diskusjonar.
Denne gongen opnar vi opp for både tilsette ved OsloMet, studentar og andre interesserte.
Meir om boka
I ei tid prega av autoritarisme og ekstremisme, gir denne boka ein kritisk analyse av dagens praksis i skole og høgare utdanning.
Forfattarane diskuterer korleis eit menneskerettsrammeverk kan gi lærarar høve til å navigere etisk i spørsmål om kjønn, nasjonal identitet, rasisme og minoritetsrettar.
Ved å trekke på forsking frå Norden og diskutere implikasjonane andre stader, er denne boka ein viktig ressurs for forskarar som utviklar teori og praksis innan menneskerettsopplæring, samfunnsfag, medborgarskapsopplæring og internasjonal og komparativ utdanning.