Luksus og korrupsjon

Alle er mot korrupsjon. Men kva verd skaper anti-korrupsjonsregima?

Vi blir nærast dagleg bombarderte med bilete av korrupte oligarkars og kleptokraters luksus, rikdom dei har tileigna seg på kostnad av vanlege folk.

Slik urettferd sest på som utslag av moralsk forfall, og skaper eit ønske om å reinse økonomiane våre for skitne pengar, ting og menneske.

Men kvifor mislykkast anti-korrupsjonstiltaka? Kva slags verd er dei med på å skape?

Tereza Østbø Kuldova (AFI) og Jardar Østbø (Institutt for forsvarsstudier) kjem til Lunsjpåfyll for å snakke om den nyleg utgitte boka "Luxury and Corruption: Challenging the Anti-Corruption Consensus", som dei har skrive saman med Thomas Raymen (Northumbria University). 

Dei vil i dette foredraget utforske samanhengen mellom luksus og korrupsjon, og med det utfordre vedtekne sanningar om korrupsjon og korrupsjonsnedkjemping.

Arrangementet er ein del av Lunsjpåfyll, ein serie arrangement i regi av Universitetsbiblioteket.

Gratis og opent for alle! Ta gjerne med lunsjen din, vi serverer kaffi og te!