Forum for kritisk tenking og kritiske perspektiv i skole og lærarutdanning ved OsloMet inviterer til seminar. Seminaret er det tiande i rekka sidan oppstarten i 2019. Vi rettar blikket framover og diskuterer korleis framtidas læreplanar bør sjå ut, ikkje minst i lys av igangverande læreplanreformer i Sverige og Danmark.
Program
Innleiingar ved
- professor Kirsten Sivesind (Institutt for pedagogikk, UiO)
- professor Jonas Bakken (Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, UiO)
- 2. nestleiar i Utdanningsforbundet, Thom Jambak.
Etter innleiingane blir det paneldebatt med spørsmål og kommentarar frå salen.
Arrangementet er gratis, men påmelding krevst grunnet servering.