Openheit i kvalitativ forsking og udemokratiske konsekvensar

Velkommen til ei kartlegging av kva praksisar for openheit som passar til ulike typar forsking, og korleis forskarar tenker rundt ansvarleg openheit i kvalitativ forsking.

Dr. Agata Bochynska er del av ReDemOS-prosjektet ved UiO (uio.no), som undersøker forståingar av Open Science og forventningar til openheit i kvalitativ forsking. Bochynska kjem for å presentere ei kartlegging av kva praksisar for openheit som passar til ulike typar forsking, og korleis forskarar tenker rundt ansvarleg openheit i kvalitativ forsking. 

ReDemOS studerer dei utilsikta udemokratiske konsekvensane av Open Science, og ser på korleis ein kan revurdere korleis demokratisere kunnskapsproduksjon.
 
Ope for alle! Ta med din eigen lunsj, vi serverer kaffi/te.

Om samlingane

Symploké har nettverkssamlingar (ansatt.oslomet.no) den første onsdagen i oktober, november og desember 2026, i tidsrommet 11.00–12.30. Den siste halvtimen blir sett av til diskusjon og mingling. Samlingane går alltid føre seg i Universitetsbiblioteket i 1. etasje av P48.

Samlingane er opne for alle som er interesserte i ulike delar av handteringa av forskingsdata, inkludert ulike verktøy, datatypar og datakjelder i ulike delar av prosessen: frå innsamling, til bearbeiding, til analyse, og til arkivering (og gjenbruk). Dette kan gjelde både for små dokumentsamlingar til "big data". I tillegg vil det også kunne komme nokre ekstraordinære innkallingar seinare til workshops.