Erfaringar frå den siste bølgja av høgrepolitikk i USA, Europa og Russland stadfestar eit kjent mønster: Høgreintellektuelle bidreg til autoritær mobilisering gjennom det som ofte vert kalla «kulturkampar».
Mellomkrigstida framstår som eit uunngåeleg samanlikningsgrunnlag for kommentatorar som reflekterer over utfordringane og truslane mot demokratiet i vår tid.
I skandinavisk idéhistorie har 1930-åra lenge vore omtala som «kulturkampens tiår», då forfattarar og intellektuelle på både høgre- og venstresida kjempa harde ordkampar om kjønn, religion, rase, seksualitet og innvandring. Ytringsfridom og sensur var sentrale tema, og høgresida hevda ofte at dei vart nekta taletid i liberale medium. Samstundes var demokratiet under press internasjonalt, med aukande autoritære straumdrag og krig i emning.
Den fornya trusselen frå autoritære krefter gjer det særleg viktig å skaffe kunnskap om korleis intellektuelle og sivile fridomar vart forsvarte, tapte og vunne att på 1930- og 40-talet – frå kulturkamp til krig.
Konferansen vert arrangert av OsloMet og forskingsnettverket Words and Violence (site.nord.no), som er etablert av Nord universitet, Noregs forskingsråd og samarbeidspartnarar.
Konferansen blir halden på engelsk. For meir informasjon, gå til den engelske versjonen av denne sida.