I dag er Oskar Baum ein nesten gløymd forfattar, men den ustoppelege kampen hans og interessante litteratur fortener å bli trekt frami lyset.
Pål Veiden, førsteamanuensis ved fakultetet for samfunnsvitskap ved OsloMet, skal snakke om Baums spennande liv! Veiden har tidlegare halde foredrag om Baum, blant anna i jødisk museum i Praha, og biblioteket i Plzeň, som var Baums heimby.
Oskar Baum (1883–1841) var av jødisk og tysk-språkleg bakgrunn. Oskar blei i ung alder heilt blind og blei send til eit jødisk blindeinstitutt i Wien. Etter fleire år der, etablerte han seg i Praha. Her blei han ein del av den seinare berømte indre Praha-kretsen, saman med Franz Kafka, Felix Weltsch og Max Brod. Baum hadde då allereie skrive bøker som fekk merksemd, blant anna om livet ved blindeinstituttet, dessutan meir generelt om korleis ein blind kan betrakte verda.
“Å søke lys bak alle mørke” skreiv han, mannen som var mykje meir enn berre venn av Kafka.
Arrangør: Lunsjpåfyll ved Universitetsbiblioteket.
Gratis og ope for alle! Ta med lunsjen din, vi serverer kaffi og te!