Skeiv representasjon i norsk barnelitteratur

Korleis blir skeive tema synleggjorde i litteraturen for barn?

Litteraturlesing er ein viktig del av mange barns kvardagsliv, og litteraturen kan ofte fungere som ein ein spegel og ein arena der mangfald blir synleggjort. I kva grad blir skeive familieforhold og andre skeive tema tatt opp i norsk barnelitteratur i dag?

For å svare på dette har vi invitert Cathrine Bjerknes. Ho er førsteamanuensis ved institutt for barnehagelærarutdanninga ved OsloMet og forskar blant anna på litteratur og kjønn.

Arrangør: Lunsjpåfyll ved Universitetsbiblioteket.

Arrangementet er gratis og ope for alle. Ta gjerne med lunsjen din, vi serverer kaffi og te!