Formålet med konferansen er å dele erfaringar og gode idear, formidle resultat frå avslutta og igangverande forskings- og/eller utviklingsprosjekt, og dessutan utvikle nettverk for vidare samarbeid om TPS-aktivitetar.
Målgruppa for konferansen er for alle som jobbar med eller har interesse for tverrprofesjonelt samarbeid og samarbeidslæring.
Tema for konferansen vil blant anna vere:
- undervisning
- praksis
- simulering
- forsking
- innovasjon
Sjå heile programmet (uit.no).
Om TPS-nettverket
TPS-nettverket er eit norsk nettverk for tverrprofesjonelt samarbeid og samarbeidslæring. Nettverket er ei samanslutning av utdannings- og forskingsmiljø ved norske utdanningsinstitusjonar og relevante praksisfelt (for eksempel innan helse, skole og politi).