!
Arrangementet har utgått!

Dette arrangementet har utgått og vil bli fjernet fra våre nettsider 30 dager etter arrangementsdato.

Ung og skeiv under tysk okkupasjon, 1940–1945

Korleis var kvardagen for unge skeive i Noreg under andre verdskrig?

Presentasjon og diskusjon av heilt nye forskingsbidrag om korleis det var å vere ung og skeiv i Noreg under den tyske okkupasjonen av Noreg 1940–1945. Bidraga vil ta opp korleis okkupasjonen påverka så vel kvardagslivet som skeive sin rettssituasjon i Noreg. 

Forskinga blir presentert av førsteamanuensis Hans Wiggo Kristiansen ved Institutt for sosialfag ved OsloMet, førstebibliotekar og historikar Runar Jordåen ved Skeivt Arkiv i Bergen og Camilla Hedvig Maartmann, førstekonservator ved Grinimuseet. 

Arrangør: Lunsjpåfyll ved Universitetsbiblioteket.

Arrangementet er gratis og ope for alle! Vi serverer kaffi og te!