Æresdoktorar ved OsloMet

OsloMets styre kan tildele grada æresdoktor (doctor honoris causa ) for viktig vitskapleg eller kunstnarisk innsats, eller framifrå arbeid til gagn for vitskapen eller kunsten.

Tildeling av æresdoktorgrad kan berre skje innanfor dei fagområda OsloMet har rett til å gi ordinær doktorgrad.

Æresdoktorar utnemnt i 2020

  • Charles Catania (fødd 1936)

    Charles Catania er foreslått for arbeidet sitt innanfor åtferdsanalyse, både teoretisk og eksperimentell analyse. Han har doktorgrad i psykologi frå Harvard University, og har mesteparten av sitt yrkesaktive liv arbeidd ved University of Maryland.

    Han samarbeidde med B.F. Skinner. Begge har hatt svært stor betydning for utviklinga for norsk og internasjonal åtferdsanalyse. Dr. Catania har besøkt Noreg ved fleire høve, og har såleis god kontakt med det norske fagmiljøet.  
     

  • Marit Vogt-Svendsen (fødd 1949)

    Marit Vogt-Svendsen har doktorgrad i teiknspråklingvistikk, og er foreslått på bakgrunn av innsatsen sin for norsk teiknspråk. Ho blir rekna som pionar innanfor norsk teiknspråkforsking, og har gjennom forskinga si bidrege til å setje teiknspråk og minoritetserfaringane til døve på kartet og skulekartet. Ho er også tidlegare lærar og audiopedagog, og avla den første doktoravhandlinga om norsk teiknspråk i 1991.

    Vogt-Svendsen spelte ei sentral rolle i prosessen for få teiknspråk anerkjent som fullverdig offisielt språk i 1997. I 2007 vart ho tildelt Noregs Døveforbunds menneskerettspris, og fekk seinare Språkrådets teiknspråkpris. Vogt-Svendsen er æresmedlem av Foreningen for norsk teiknspråk.  

  • Gøsta Esping-Andersen (fødd 1947)

    Gøsta Esping-Andersen er foreslått på bakgrunn av at han er ein verdsleiande teoretikar og empirisk forskar på området velferdsstat og sosialpolitikk. Hans akademiske arbeid har påverka fagområde utanfor hans eige, og har såleis vore heilt avgjerande og innverknad på forsking og undervisning i ei rekkje faglege disiplinar.

    Forslagsstillarane meiner det er vanskeleg å overvurdere viktigheita av den nye tankegangen om velferdsregime som Esping-Andersen har lansert. Den vitskaplege produksjonen hans har vorte omsett til fleire språk, og har såleis hatt eit globalt nedslagsfelt. Esping-Andersens faglege virke er godt samsvarande med OsloMets visjonar om tverrfaglegheit, mangfald, forsking og undervisning for velferdsstaten.  
     

  • Robin Teigland (fødd 1964)

    Robin Teigland er foreslått fordi ho er ein leiande forskar og ein av dei mest anerkjende akademikarane innanfor digitaliseringsfeltet i Norden, og har eit omfattande internasjonalt nettverk i område der TKD har sterke ambisjonar.

    Teigland er som kvinneleg professor ein rollemodell innanfor sitt vitskaplege felt, ho er open for nye impulsar og utfordrar vedtekne sanningar. Ho har hatt, og har framleis ei rekkje styreverv, blant anna i AI-fonda til Wallenberg-familien. Verksemda hennar er i samsvar med OsloMets verdiar. 

For ytterlegare informasjon blir det vist til rutine for utnemning av æresdoktorar (ansatt.oslomet.no)