OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med 23 000 studenter og over 2600 ansatte. Vi har campus i Oslo Sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
Om stillinga
OsloMet skal etablere ein ny campus på Lillestrøm og har fleire spanande prosjekt på våre to campusar. Vi treng difor to nye prosjektleiarar til ulike prosjekt i bygningsmassen vår, og vi ønskjer deg som er engasjert i eigedomsutvikling og god arealutnytting.
I tillegg til de to faste stillingane kan det bli aktuelt å tilsette i et vikariat med varigheit ut mai 2027.
Det er to faste stillingar som prosjektleiar ledige for snarleg tiltreding. Som prosjektleiar hos oss vil du bli ein del av eit dyktig og erfarent prosjektteam. Avdeling for Eigedom har om lag 50 tilsette og har mellom anna ansvar for universitetet sin bygningsmasse, totalt 175 000 kvadratmeter fordelt på to campusar: i Pilestredet i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm.
Høyrast dette spanande ut? Då håpar vi å få søknaden din!
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere å
- leie større og mindre prosjekter, blant annet planlegge, gjennomføre, kvalitetssikre og evaluere prosjekt
- prosjektleiing av universitetets byggearbeid, følge opp leverandører, utarbeide tegninger, kravspesifikasjonar og dokumentasjon
- planlegge og utvikle nye prosjekter i eigedomsporteføljen
- koordinere og samarbeide med ulike interessentar i prosjekta, som eksterne aktørar, leverandørar, utleier, studentar og tilsette
Det er ein fordel at du har
- god kjennskap til offentleg utviklings- og utredningsarbeid, samt utarbeiding av interne rutinar
- erfaring frå offentleg sektor; fortrinnsvis universitets- og høgskolesektoren
- fagleg nysgjerrigheit og interesse for eigedomsutvikling og byggeprosjekt i universitetssektoren generelt, og ved OsloMet spesielt
Vi ynskjer deg som
- er initiativrik, systematisk og resultatorientert
- tenker heilskapleg og strategisk, men samtidig sikrar operativ gjennomføring
- har gode kommunikasjonsevner, og evner til å bygge nettverk breitt i organisasjonen
- har god organisasjonsforståing og gode analytiske evner
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi kan tilby deg
- en spennande jobb på Norges tredje største og mest urbane universitet
- moglegheiter for fagleg utvikling innanfor eigedomsutvikling, byggeprosjekt og prosjektleiing
- et kreativt, dynamisk og hyggeleg arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
Stillinga blir løna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønspolitikk i stillingskode 1113 prosjektleiar, med ei årsløn på kr 645000 - 790000 avhengig av kvalifikasjonar. Vi kan vurdere høgare løn for særleg kvalifiserte søkjarar. Frå løna blir det trekt 2 prosent i innskot til Statens pensjonskasse.
Søknadsprosess
Vil du søkje på stillinga, må du søkje via vårt rekrutteringssystem.
Innan søknadsfristen må du laste opp følgjande dokument:
- søknadsbrev
- CV, attestar og alle sider av vitnemål
- gjerne kontaktinformasjon til to referansar
Vi behandlar berre søknader som er sende via vårt elektroniske rekrutteringssystem, og alle dokument, attestar og alle sider av vitnemål må lastast opp for at søknaden din skal bli behandla. Dokumenta må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Om dei er omsette, må dei vere autoriserte, og du må rekne med å vise fram originalar i eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat får ei reell evaluering og rettferdig konkurranse. Ufullstendige søknader vil ikkje bli vurderte.
For aktuelle stillingar gjennomfører OsloMet bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ein ekstern leverandør, for å verifisere opplysningar som kjem fram i dei tilgjengelege dokumenta. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykke frå kandidaten, og tilsetjing i desse stillingane føreset godkjent bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil få nærare informasjon om dette.
Informasjon til deg som søker
Inkludering og mangfald styrkjer vår evne til å løyse OsloMets samfunnsoppdrag. Difor ønskjer vi medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv velkomen. Vi arbeider kontinuerleg for å vere ein inkluderande arbeidsplass, og gjennom dialog legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det.
OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskarar.
OsloMet har slutta seg til prinsippa og forplikta institusjonen til å følgje tilrådingane i DORA-erklæringea (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).
Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Søkjarar som er i konflikt med dette regelverket vil ikkje bli vurderte som kvalifisert for stillinga.
Besøk OsloMet på LinkedIn, Facebook, Instagram
OsloMet - storbyuniversitetet
OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med 23 000 studenter og over 2600 ansatte. Vi har campus i Oslo Sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen.
I over 200 år har OsloMet – storbyuniversitetet bidratt til å bygge kunnskap og kompetanse for det norske velferdssamfunnet. I dag er OsloMet et moderne og urbant universitet som er kjent for sine store og solide fagmiljøer innenfor lærerutdanning, helse- og sosialfag, samfunnsforskning, design og teknologifag.