Seniorrådgiver - jurist

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med 23 000 studenter og over 2600 ansatte. Vi har campus i Oslo Sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen. 

Om stillinga

Vi har ledig stilling som seniorrådgjevar – jurist i seksjon for analyse og kvalitetsutvikling, i avdeling for utdanning. Avdeling for utdanning har administrativt ansvar for opptak, eksamen, internasjonalisering i utdanningane, kvalitetssystem, studentsystem, digitale læringsressursar, studentstøttetenester og studentadministrasjon.

Vi søker deg som kan bidra i ei breidde av saker. Som ein av to juristar vil du samarbeide tett med fakultet og fellesadministrasjon om juridiske problemstillingar knytt til utdanning og studentar. Du vil førebu saker for nemnd, utforme forskrifter og retningslinjer i dialog med fakultet og støtte fakultet i bruk og forståing av regelverk. Du vil handtere komplekse studentsaker og bidra til å bygge god forvaltningspraksis for studieadministrasjonane sine behov og problemstillingar. Gjennom desse oppgåvene vil du bidra til å utvikle og forbetre dei juridiske rammene for utdanningsverksemda.

Mange av oppgåvene våre løyser vi gjennom samarbeid og vi deler kunnskap med kvarandre. Du vil møte forventingar om å bidra til godt samarbeid og faglege diskusjonar, til å drive effektiv og presis saksbehandling, og at du gjer juss og regelverk tilgjengeleg og forståeleg både for tilsette og studentar. Vi jobbar tett med personar med mange ulike fagbakgrunnar, og rolla krev at du kan kombinere solide juridiske vurderingar med forståing for utdanningsverksemd, organisasjon og digitale arbeidsprosessar.

Godt samarbeid både innanfor seksjonen, i avdelinga og med kollegaer ved fakultet vil vere avgjerande for å lykkast i stillinga. Vi støtter oss på kvarandre sin kompetanse for å levere gode tenester og ha eit godt arbeidsmiljø. Miljøet er prega av høg kompetanse, konstruktiv dialog og rom for fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde

Dine ansvarsområde og arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere: 

Andre oppgåver kan leggast til stillinga. 

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter deg som har: 

Ønskte kvalifikasjonar

Det vil være en fordel om du har: 

Personlege eigenskapar

Vi ønsker deg som

Vi legg vekt på å vere personleg eigna. 

Vi kan tilby deg

Stillinga blir lønna i samsvar med Hovudtariffavtalane i staten og OsloMets lønnspolitikk i stillingskode 1364 seniorrådgjevar­, med lønnspenn 750 000,- – 850 000,-. Høgare lønn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkarar. Frå lønna vert det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.

Søknadsprosess

Vil du søkje på stillinga, må du sende søknaden via vårt rekrutteringssystem.

Innan søknadsfristen må du laste opp følgjande dokument:

Vi handterer berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Du må laste opp attestar og alle sider av vitnemål. Dokumenta må vere på norsk, svensk, dansk eller engelsk. Eventuelle omsetjingar må vere autoriserte. Du må vise fram originaldokumenta ved eit eventuelt intervju. OsloMet gjennomfører dokumentkontroll for å sikre ei rettferdig vurdering av alle søkjarar.

For aktuelle stillingar gjennomfører OsloMet bakgrunnssjekk av søkjarar i samarbeid med ein ekstern leverandør, for å verifisere opplysningar som kjem fram i tilgjengelege dokument. Bakgrunnssjekk skjer alltid med kandidaten sitt samtykke, og tilsetjing i desse stillingane føreset godkjend bakgrunnssjekk. Aktuelle søkjarar vil få meir informasjon om dette.

Informasjon til deg som søkjar

Det er viktig for OsloMet å gjenspeile befolkningen i vår region og vi ønsker alle kvalifiserte søkjarar velkommen. Vi arbeider aktivt med å utvikle oss videre som en inkluderende arbeidsplass og for å tilrettelegge arbeidsplassen dersom du har behov for det.

Du som søkjar kan med heimel i Offentleglova bli publisert på søkjarlista sjølv om du har bede om at søknaden blir handtert konfidensielt. Dersom det skjer vil du bli varsla før publisering.

Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Søkjarar som er i konflikt med dette regelverket, vil ikkje bli vurderte som kvalifiserte for stillinga.

OsloMet er Charter & Code-sertifisert av EU-kommisjonen med rett til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og er medlem i nettverket EURAXESS, som bidreg til gode arbeidsvilkår for mobile forskarar.

OsloMet har slutta seg til prinsippa og forplikta institusjonen til å følgje tilrådingane i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Besøk OsloMet på LinkedIn, Facebook, Instagram

Om oss

OsloMet - storbyuniversitetet er Norges tredje største universitet med 23 000 studenter og over 2600 ansatte. Vi har campus i Oslo Sentrum og på Romerike. OsloMet leverer forskning og utdanning med høy relevans for arbeidslivet, velferdsstaten og storbyregionen. 

I over 200 år har OsloMet – storbyuniversitetet bidratt til å bygge kunnskap og kompetanse for det norske velferdssamfunnet. I dag er OsloMet et moderne og urbant universitet som er kjent for sine store og solide fagmiljøer innenfor lærerutdanning, helse- og sosialfag, samfunnsforskning, design og teknologifag.